onsdag 22. april 2009

Le Falzet. 24.august 2007


Klokka hadde vorte 18.30 før vi kom fram til Le Falzet.
Det var ein bondegard der dei hadde byggt om eine huset til pilegrimsherberge.

Det hadde vore ein lang dag på vegen.
Sjølv om vi ikkje hadde hatt dei store opp og nedstigningane, så kjende ein det på kroppen at no var det på tida å kvile.
I tillegg fekk vi regn siste halve timen, så det var nokre våte vandrarar som steig inn i herberget.
Men der vart vi ynskt varmt velkomne, og vi fekk ei seng for natta.
Og ikkje minst,vi fekk høve til å dusja av oss støv og svette. Ei herleg kjensle å kjenne det varme vatnet renne over ein trøytt kropp.

Og etterpå ynskte vertinna oss til bords for ein velsmaknande middag med fleire rettar.
Først suppe med grønsaker og potet.
Så omelett, deretter kotelettar.
For så å avslutte med ein slags mjølkedessert.


Michael og fransk-canadiske Martine var der, i tillegg ein fransk vandrar vi hadde sett nokre gonger gjennom dagen.
Han hadde gått Pyreneane frå vest mot aust, frå topp til topp, fortalde han.

I dag vart 2o km. Starta på 619 m.o.h og enda på 1135 m.o.h.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar