tirsdag 21. april 2009

Ned til Monistrol-d'Allier 23.august 2007

Det var overskya denne morgon då vi klatra opp mot åsen vestanfor Montbonnet. Men så gjekk det nedover igjen mot St-Privat-d'Allier.
St-Privat-d'Allier visste seg å vere ein koseleg landsby. Vel verdt eit besøk.

Eit tid etterpå gjekk stien ned i ein liten elvedal. Der låg det ei lita treklopp over ein skiten, illeluktande bekk. Bodil var den siste som skulle over.
Brått høyrer eg eit forskrekka utrop frå Torbjørg, og der ser eg Bodil ligge på ryggen ute i bekken.
Ein stein på kanten hadde svikta, og med det var uhellet ute.
Så då vart det fullt kleskift ved stien.
Ho var svart mest frå topp til tå. I tillegg var føtene fulle av kvasse nåler.
Men det fulle omfanget av fallet fekk eg ikkje høyre før turen var over.
Venstre foten var vond å gå på, men det ville ho ikkje fortelje.
Ho ville og skulle fullføre.




Ut på ettermiddagen dukkar Rochegude fram av skogen.
Ei lita husklynge på kanten av lia ned mot Monistrol d'Allier nede i dalbotnen.
Det står eit bord og ventar på svoltne vandrar i landsbyen.
Michael sit der alt. Og når vi set oss ned, dukkar to av Rochegude sin hundar opp, i von om ein liten godbit.

Heilt på kanten av stupet ligg ei gamal, lita, St.Jakob-kyrkje.
På toppen av fjellet ligg dei forfalne restane av ei gamal borg frå 1328.


Inne i halvmørkret ser vi to kjenningar i koret.
Ein sliten trefarga Jakob, og Maria, kledd i kvitt og gull.



Men vi skal ned til Monistrol d’Allier.
Alle bøker om pilegrimsvegen fortel dramatisk om den harde og bratte nedstiginga dit.
Frå bergskrenten ved kyrkja ser vi elva Allier bukte seg nede i dalbotn. 400 høgdemeter ned skal vi, så det var berre å starte.


Bratt var det, og til dels steinet, men ikkje verre enn mange stiar ned frå fjellet heime. Heldigvis var stien tørr, og ikkje sleip av regn.
Midt i nedstiginga kom vi til ei større flate med mange gardar.
Av namna på postkassene kunne vi sjå at no var vi i Astrix land. Det var her i dette området han hadde tilhald gallarhovdingen som kjempa så hardt mot Cæsar i gallarkrigane.

Men vi var ikkje nede.
Stien ned den neste skrenten var ikkje så steinet, men hadde laus grus i staden, så då vi endeleg stod på asfalten ovanfor Monistrol kjende vi det i føtene.
Siste stykket gjennom Monistrol fram til herberget vart lang, men kvelden vart god.


Herberget låg oppe i bakkane. Tungt med bakkar når føtene er trøytte. Men herberget var fint. Såg nyoppussa ut. Og middagen var smakte godt.

Så er middagen fortært. Tomatsalat til forrett, tørre linser og grisepølse til hovedrett.

Kan vi tenkje oss musikk etter middagen?
Vår ven frå Lyon hentar fram instrumentet, og så strøymer musikken ut i giten.
Det utviklar seg etter kvart til ein liten ønskekonsert medan praten går.

Men så er det på tide å gå til ro.
Vi fire hamnar oppe på hemsen, saman med herr og fru klarinett.
Den natta oppdagar eg at ei lita lykt ikkje hadde vore så dumt å ha i sekken.
Ut på natta må eg finne toalettet.
Det går greit å kome dit, men returen til senga vert verre.
Eg trudde eg hadde god retningssans, men den gong ei. Hovudet stangar mot bjelkane i skråtaket kvar eg snur meg, og hadde ikkje Torbjørg forbarma seg over meg og tent eit hjelpande lys, så hadde nok fru klarinett fått uventa besøk den natta.

Denne dagen vart det 13 km. Vi starta på 1100 m o.h.var opp i 1205 m før vi på Rochegude var nede på 967 m, og så gjekk det bratt ned til Monistrol på 619.m.o.h.



Monistrol d'Allier

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar