tirsdag 13. november 2018

Dale kyrkje

Eit stykke vestover frå Skjolden langs Lustrafjorden ligg Dale, og der finn vi tett ved vegen ei steinkyrkje frå 1200-talet.
Truleg bygd av steinhoggarar frå Orknøyane eller Skottland då der er fleire likskapar med Magnuskatedralen og andre kyrkjer der borte.
Gamle kyrkjer har noko med seg som eg ikkje kan forklare. Kanskje har det med alle dei som i glede og sorg gjennom århundra har samlast i kyrkjeromet.
Så då vart det stogg ved kyrkja. Den ville eg vitje når no høvet baud seg.



I vestenden av kyrkja er det påbygd eit våpenhus i tre, og tårnet er nok og av nyare dato, men når eg går inn døra til våpenhuset møter eg ein stor klebersteinsportal.
Ved den er det rita inn med runer  "St Nicolaus kirke", som viser til at kyrkja var vigd til St Nikolaus av Myra.

Og når ein kjem inn i skipet ser ein at også ved koret er der ein portal, men enklare utforma,
Der er og ein mindre portal utvendig ved sørveggen.

 

Framme i koret finn vi alteret med altertavla , og i koret er veggane dekt med kalkmåleri frå 1600-talet med bibelske motiv, og under dei att måleri frå 1200-talet.  Dei var overmåla med kvit kalk og er berre delvis avdekka. Måleria var nok i si tid, då lesekunsten ikkje var ålmenn, folket sin bibel.
Kanskje hadde vi trengt litt folket sin bibel i våre kyrkjer og, no når dei bibelske fortellingane byrjar å verte framande mellom folk.

Altertavla er frå slutten av 1600-talet og på sidene står Moses og Johannes. Ved korset ser vi to kvinner, Er det Maria Magdalena og Jesu mor, Maria? 
På toppen ser vi den oppstadne Kristus mellom to liggande romerske soldatar.





Ut mot vestportalen ligg galleriet, og taket under den er og rikt dekorert, og på bjelkane som held oppe galleriet er der måla skriftstader.


Framme over korbogen heng eit stort krusifiks som er datert til første halvdel av 1200-talet. Måten det er forma på, kan tolkast inn i ein overgong frå triumfkors til meir vektlegging på den lidande Kristus som seinare vart den vanlege krusifksforma fram mot våre dagar.


På veg ut att ser vi at våpehuset er ikkje mindre dekorert enn koret, med ein stjernehimmel over,  og bibelske fortellingar på veggane.


Tett ved kyrkja ligg prestegarden, og det går ein gang under jorda frå kyrkja til den. Sidan kyrkja vart reist rett etter borgarkrigsåra på 1100-talet, er vel gangen å rekne som ei sikring for prest og øvrigheit i tilfelle nye ufredsår.
Dale kyrkje var verdt vitjinga, og så rulla vi vidare vestover på smale vegar langs fjorden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar