søndag 4. november 2018

Den skarlagskledde krossfeste

Eg hadde ei undring på kvar romakyrkja hadde henta inspirasjonen til denne skarlakskledde Jesus på krossen frå. Eg kunne ikkje finne noka skriftkjelde i Bibelen, korkje i det gamle eller nye testamentet som forklara det.
Men så, i eit søk etter på kva tid dei kristne tok til å bruke krossen som eit symbol på si tru, fann eg ei tekst i Barnabas sitt brev frå omlag 130 e Kr.  Eit læreskriv, som er lagt til Barnabas som ei tid var i Paulus sitt fylgje, men som nok ikkje har skrive brevet.

I det 8.kap. som handlar om den store forsoningsdagen i jødedomen, finn eg dette i Oskar Skarsaune si omsetting.
På forsoningsdagen er der to bukkar, men det vidare handlar om den eine, syndebukken som vert dreven ut i øydemarka for å døy, og med det er eit bilete på Jesus som må døy på krossen. Men før han vert dreven ut står det:

"Forbannet er den andre (syndebukken). Legg merke til hvordan Jesus blir åpenbaret. Og dere skal alle spytte på den og stikke den, og skarlagsrød ull skal dere binde om dens hode og driv den så ut i ørkenen. ..... og legg merke til at den forbannede blir kronet.( er det med den skarlaksrude ulla?)  For på den dag skal de se ham:  Hans legeme skal være iført en fotsid, skarlagensrød kjortel og de skal si: "Er ikke dette han vi engang korsfestet, han som vi foraktet, gjennomboret og spyttet på? Jo sannelig, det var han som dengang sa at han var Guds Sønn." 

Skarsaune seier i kommentarane at Barnabas utanom fortellinga om den store forsoningsdagen i 3.Mosebok, og har brukt andre jødiske tekster som bakgrunn for det som står i brevet.

Så kanskje det er her i Barnabasbrevet at eg finn kjelda til den skarlakskledde Jesus på krossen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar