mandag 12. november 2018

St. Martin av Tours

Vi hadde vandra frå Burgos, ein av dei austlege byane på pilegrimsvegen Camino Frances, den franske vegen. Men det var ikkje på den vegen vi gjekk eg og mine fem kvinnelige medvandrarar.
Det var Camino de San Olav som var vår veg. Søraustover frå Burgos og inn mellom dei iberiske fjella som strekkjer seg sørover, aust for den store spanske høgsletta, mesetaen.

Vi var på veg mot den vesle byen Covarrubias, seks mil søraust for Burgos. 
Kva var det vi ville der?
Jau det var der at kong Håkon Håkonson si dotter Kristina vart gravlagd, og der er det og, for nokre år sidan, reist eit kapell vigsla til Heilag Olav.

Det var tredje dagen at vi kom ned frå ein ås i Larabygdene, ned til ein liten landsby, mest avfolka som mange av dei små spanske landsbyane er. Der er ikkje arbeid lenger for familiene då jordene er slegne saman til eit eller to store bruk. Med det resultatet at landsbyane er mest tome i vekene, men i helgene endrar biletet seg for då kjem det utflytte landsbyfolket attende til sine helgahus.

Vi gjorde ein liten stogg då vi kom  ned til torget, sjølv om der ikkje var så mykje å sjå. Men eg måtte ein tur bort om kyrkja. Inn kom eg ikkje men bildefrisa over kyrkjedøra fekk meg til å stanse opp ei lita stund.



Det var ikkje eit av dei tympaniuma som eg hadde sett fleire av tidlegare, med bibelske motiv eller heilage menn pent oppstilte., Dette fortalde ei lita soge om ein av dei store heilagmennene i mellomalderen.
Det var no sist sundag eg kom til å minnast den vesle billedfrisa, tympaniumet, på den vesle kyrkja i landsbyen Cubillejo  i Larabygdene.
For den 11.november er det etter primstaven Mortensmesse, og i Danmark har dei Mortensgås på menyen denne dagen.
Det var Morten av Tours eg såg opp for kyrkjedøra. det syner då han ein dag, medan han endå var romersk offiser,  kom over ein nesten naken tiggar som sat på bakken og fraus så han skalv.
Då er det Martin tek opp sverdet og deler kappa si to. Så gir han tiggaren den eine halva.

Martin vart seinare vald til biskop, noko han ikkje ville, og for å ungå det gøymde han seg i ein gåseflokk, men dei kakla så høgt at han vart oppdaga. Der har vi mortensgåsa.
Martin kom til å grunnlegge det store klosteret i Tours. Eit av dei viktigaste klostera i vest-Europa i mellomalderen.

Martin var fødd medan det enno var eit stort romersk rike i Europa, Asia og Afrika, i byen som då heitte Sabaria i dagens Ungarn i år 315, og døydde 11.november 397 i Tours i noverande Frankrike.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar