mandag 26. november 2018

Ei tom grav med meir

Framhaldet etter krossfesting, død og grav kjem nok inn under det Ivar Aasen eingong sa; " Vesle vetet det strekk ikkje til, ei tru må stydja opp under."
Og sidan dette kryssar grensene for det som vetet kan fatte, let eg to bilete frå meditasjonsvegen i bratte fjellet på klosteret Montserrat fylgje orda under.


For alle fire evangelia fortel, om enn noko ulikt, at då påskesabbaten var over og det lysna mot dag, så gjekk nokre kvinner - tre står det i to av evangelia - avstad til grava. Men då dei kom fram vart dei møtt av ei tom grav. eller ikkje heilt tom for det vert fortalt at der møtte dei  ein - eller to - menn i skinande kvite klede, og at dei fortalde kvinnene at den døde hadde forlete grava. Han hadde brote dødens makt og var stått opp att.
Det vert og fortalt at Maria Magdalena møtte den oppstadne der ved grava, og fekk gleda av å fortelje den utrulege men glade bodskapen til læresveinane.


Vidare fortel evangelia at dei som hadde vore saman med Jesus før død og grav, fekk møte den oppstadne fleire gonger i dagane som kom, men at han var annleis enn tidlegare. Han kunne forflytte seg gjennom tid og rom, og han kom inn gjennom stengde dører.

Så førti dagar seinare har han kalla dei til å møte han på eit fjell. Og der tek han farvel med dei, han vert lyft opp frå bakken og vert borte i ei sky.

Men før han vart borte hadde han gitt dei eit løfte om at ein dag ville han kome att. Og hadde han sagt til dei at før han kom att skulle dei forlate Jerusalem for å gå ut til byar og landsbyar og fortelje om han og om orda han hadde lært dei den tida dei gjekk saman med han.

Og det har hans læresveinar, dei som trur på han, gjort i snart totusen år. Medan dei har venta på at han ein dag vil kome att på same måten han drog, med velsignande hender over sine vener.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar