torsdag 8. november 2018

Den krossfeste

Framstillinga av krossfestinga på Golgata er ofte laga vakre, trass i den  brutale røyndomen dei skal skildre.
Men det er kanskje ikkje så enkelt å vise røyndomen. Den som ser kan verte støytt over det han ser. Eg hugsar at filmen "The passion of Christ" fekk kritikk av di han var for realistisk, for vond.

Men så kjem ein av og til over ei avbildning som skil seg ut frå normen. Som denne i ei vindusopning i den store fransiskanarkyrkja i Santiago de Compostela.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar