tirsdag 6. november 2018

Krossen som trussymbol

Tortur og dødsinstrumentet krossen har vorte vårt viktigaste symbol på kven vi trur på.
Kvinner går med krossen i lekkje rundt halsen.
Menn har det helst på jakkeslaget, slik eg sjølv eingong gjorde.
Og i mest alle gudshus finn vi krossen, eller krusifikset, på sentrale stader i kyrkjeromet.
Har det alltid vore slik, heilt frå den første tida etter Jesu oppstode?
Eller når byrja det?
Eg prøvde å finne svaret, men det var ikkje lett i dei fora eg søkte i, men eg fann ei utvikling i kristen symbolbruk.
Meiner eg.

Går vi til Apostelgjerningane finn vi at i den første tida etter oppstoda var Vegen eit ord som vart brukt. Paulus drog til Damaskus for å ta til fange dei som høyrde Vegen til, og dei truande gjekk på Vegen. Det er nok knytt til at Jesus sa om seg sjølv; "Eg er Vegen, Sanninga og Livet."
Seinare i Antiokia byrja folk å kalle dei som var på Vegen for Kristne, med andre ord dei som trudde på den oppstadne Kristus.
Og det har namnet har seinare vorte det vanlege ordet  på oss.

Det første teiknet som dei truande brukte var eit teikn som var lett å teikne når ein ville vise andre at ein høyrde  vegen til. Det var berre å bruke fingeren litt i støvet eller sanden,  men  ikkje like lett å skjøne for den som stod utanfor.

Det var fisken, ICHTYS,

Jesus kall læresveinane sin for menneskefiskarar, og fisken finn vi fleire gonger i Jesus sine gjerningar i dei åra han gjekk rundt i Galilea og Judea.
ICHTYS er dei første bokstavane i dei greske orda for Jesus Kristus, Guds Son, Frelsar.

Men samstundes levde nok krossen litt i bakgrunnen, dette vanæra sitt teikn.
Og denne teikninga frå den første tida i Roma syner at dei truande ofte vart håna for si tru på det meiningslause i å tru på ein gud som let livet på ein kross. Var det noko å tru på?
Her er Jesus teikna som eit esel, hengt på ein kross, og under står det: Aleksandros tilbed sin gud.

Men det heile endrar seg då keisar Konstantin den store i ein draum, eit syn, i år 312 ser ein kross på himmelen og høyrer ei røyst sei; "ved dette tegn skal du sigre" og  at han, etter det, vel å bruke krossen i sitt feltmerke. Det er Eusebius som fortel dette, men det teiknet var ikkje krossen slik vi brukar den , men ChiRho,  symbolet som er dei to første bokstavane i det greske ordet for Kristus. Ein stor X med med ein stor P i midten.
Slik vi ser det på ein mynt frå Konstantin si tid.

Chi Rho teiknet finn vi i dag i mange kyrkjer, det har gjerne då dei greske bokstavane Alpha og Omega med. ein på kvar side av ChiRho teiknet.
Men frå Konstantin si tid veks bruken av krossen, og på 1000-talet kjem og krusifikset i bruk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar