onsdag 7. november 2018

Krossfesting.

I ulike variasjonar er vel dette slik vi brukar å sjå den krossfeste.
Død, hengande på krossen med eit meir eller mindre flagrande klede om hoftene.
Men det er ikkje i alle kyrkjer at dette er det vanleg. I nokre kyrkjeretningar er det den nakne krossen, utan den krossfeste på, som vert brukt, og ikkje krusifikset.

Krossfesting var ei form for avretting som har eldre røter enn romarane sin bruk av den. Diverre finn vi det brukt enno i vår tid. Vi har fått vite at IS har brukt det.
Men romarane brukte det ofte,  for å undertrykke og avskrekke opprør og motstand.
Den krossfeste skulle ikkje berre avrettast, han skulle og få sitt menneskeverd krenka ved å verte avkledd  til spott og spe.

I dei fleste tilfelle var det menn som fekk lide denne døden, men nokre tilfelle vart og kvinner, ja heile familier krossfeste.
Før krossfesting vart den dømde gjerne hudfletta slik at han alt før krossfestinga hadde mist mykje blod og var sliten psykisk. Dette for at døden skulle kome fortare, men det tok gjerne dagar likevel før livet ebba ut.


Då Michelangelo i sin ungdom gjenskapte Jesus på krossen  naken, er det nok nærare Jesus si krossfesting på Golgata, enn våre lendekledde krusifiks. Han var nok avkledd, naken, til spott og spe der han hang.
Slik og evangeliet etter Johannes fortel:

Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og skifte dei i fire lutar, ein til kvar soldat. Kjortelen tok dei og; han var utan saumar, heilvoven ovanfrå og ned. Då sa dei til kvarandre: "Lat oss ikkje riva den sund, men kaste lodd om kven som skal ha han!"

Vi er vande med å sjå den krossfeste på ein "latinsk" kross, men forskarane er ikkje samde om korleis Jesus sin kross såg ut.
Nokre meiner det det var ein stolpe, ein pæl, med ein tverrbjelke opp på. Som ein T.
Andre meiner, slik Jehovas vitne seier, at det var ein pæl utan tverrbjelke,  der Jesus hang med hendene festa over hovudet.

Romarane brukte og andre former for krossfesting. Apostelen Andreas vart krossfest på det vi idag kallar ein Andreaskross, ein stor X.

Og apostelen Peter vart krossfest med hovudet ned, slik vi såg det i ein liten landsby i Frankrike. Der var det utanom kyrkja og eit lite kapell som bar namnet Peter Paulus kapellet. og på alteret der var Peter og Paulus si avretting avbilda.
Der kom nok døden raskare.

Det gjorde den nok og for dei som vart spidda på ein pæl.
Og for dei som vart innsmurde med tjøre og tende fyr på, slik keisar Nero gjorde nokre gonger for å lyse opp natta i sine festar.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar