fredag 9. november 2018

Vekk meg opp med song


Kjærleiks Gud!
Når eg søv for lenge,
når eg gløymer alle 
dine velgjerningar,
då, vekk meg opp!
Vekk meg opp med song,
med frydesong,
utan notar, utan taktslag,
kjærleikssong,
bortanfor alle ord,
ein song om tru
over all forstand.
Eg kan høyre tonen 
i hjartet mitt
når du vekkjer meg opp
til ditt nærvær!

Mechtild av Magdeburg (ca 1210-1280)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar