torsdag 15. november 2018

Soria Moria slott

Langt oppi fjellet på nordsida av Lustrafjorden ligg der eit stort, kvitt, Soria Moria slott. 500 meter over fjorden.
Det går ein veg dit opp, 7 km lang, smal, bratt og med 13 hårnålssvingar.
Det var nok ikkje enkelt å kome dit opp før bilen kom i ålmen bruk, sjølv om det nokre år på slutten var elektrisk heis dit opp. Den er borte no.
 Det er Harastølen, og det er ikkje noko Soria Moria slott i dag, sterkt prega av tida si tann og manglande vedlikehald.

Bygget vart innvigd i 1902 og hadde då kosta 777000 kr, noko som kan synest lite etter våre dagars kostnadar for eit vanleg lite hus, men kva kosta det ikkje å bygge eit hus med  5000 kvadratmeter golvflate i år 1900.

Det var styret i St. Jørgens Hospital i Bergen som vedtok å reise eit sanatorium for tæringssjuke oppe i fjellet i Luster, då dei hadde tru på at den friske lufta der inne i fjorden ville gjer dei godt.
Ved opninga var det plass til knapt hundre pasientar, men vart gradvis utvida til 150 i 1950, men så kom det medisin for sjukdomen, og få år etter var der tomt der oppe.

Så kom det ei periode då huset vart nytta til psykiatrisk sjukehus, før den drifta og vart flytta til Gaupne, lenger vest i fjorden. Ein vart vel ikkje mindre sjuk av å bu så avsondra frå livet.

Så kjem flyktningestraum frå Balkankrigen til landet på 1990-talet, og Harastølen vert asylmottak eit par år. Kor måtte det kjennast for krigsprega flyktningar å verte plassert høgt oppe i ei fjell side i Sogn, langt frå det pulserande livet nede ved fjorden. Det gjorde vel ikkje krigstraumane enklare å leve med, sjølv om dei hadde både frisk luft og godt utsyn til livet 500 meter lenger nede.


Kvar går Harastølen vidare tru, der huset står godt inngjerda med åtvaringar om å ikkje nærme deg bygninga.
Vert det vidare forfall, eller vert planane om hotelldrift der oppe i fjellet ein realitet?
Det ligg ikkje akkurat rett i turiststraum inn langs fjorden, så dei må nok finne eit anna segment av hotellgjestar for at den drifta skal løna seg.
Men utsynet er det ingen ting å sei på, og der er stiar opp i fjellet på mange kantar av bygninga, og nok rikeleg med snø om vinteren. Så kanskje er det liv laga nokre år vidare?
Time vil show, som det heiter på det målet som vert meir og meir vanleg her til lands.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar