lørdag 3. november 2018

Den krossfeste

Å finne den krossfeste Jesus i protestantiske kyrkjer er ikkje så uvanleg, men kanskje ikkje slik. Ikledd eit fotsidt skjørt.
Første gongen eg såg  han slik var i den store Burgoskyrkja. Det var Torbjørg som gjorde meg merksam på han. Sidan har eg møtt han slik fleire gonger etter pilegrimsvegane. I våre kyrkjer er han også påkledd, men berre med eit lendeklede om hoftene.
Og igjen stussar eg.  Kvifor kle den krossfeste i eit fotsidt skjørt?
Er det noko kyrkjelyden skal skånast for?
Eller er der andre grunnar?
Ei form for vørdnad?
Eller er det for å ære han som leid døden for vår skuld?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar