fredag 23. november 2018

Mater dolorosa


På Filefjell var det opphaveleg ei lita stavkyrkje, bygd på 1160-talet og vigd til den engelske erkebiskopen Thomas Becket av Canterbury som vart myrda framfor alteret i kyrkja si.

St Thomaskyrkja på Filefjell var ein samlingsstad for bygdene i Valdres, Lærdal og Årdal i Sogn, men grunna mykje festing i samkomene, fekk presten i Vang kyrkja reven i 1808.


Men i 1997 vart det reist ei ny kyrkje på Kyrkjestølen på Filefjell.


På alteret i den nye St Thomaskyrkja finn ein i dag alterbiletet frå den gamle stavkyrkja.
Og som det einaste alterbilet eg veit om, er alle læresveinane med på det. I ein krans rundt det sentrale biletet av Jesus på krossen, kan ein sjå kva avferd den enkelte av dei fekk.


Det sentrale biletet syner Jesus på krossen, med Maria og Johannes ståande på sidene. Men Jesus er her krossfest på den blømande krossen.

Den blømande krossen har eg sett berre i ei anna kyrkje, i Hornindal kyrkje. Men i armenske kyrkjer finn ein den ofte. Truleg er bakgrunnen Jesus sine ord om at fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eit korn, Men døyr det, gir det stor grøde.
Kanskje handlar den armenske kyrkja sine blomekrossar om dei armenske martyrane sitt blod?


Men i biletkransen over det sentrale biletet finn vi og Maria, men då som Mater Dolorosa.
Her er Maria teikna med fleire sverd inn i kroppen. Bakgrunnen til det finn vi i Lukasevangeliet. 
Der seier Simeon til Maria, den dagen Maria og Josef kjem til tempelet med Jesusbarnet, at gjennom henne skal det og gå eit sverd.

Mater Dolorosa kjem frå ei gamal latinsk hymne frå 1200-talet, som byrjar slik; Stabat Mater Dolorosa. som omsett til mitt mål tyder; Stod der moren, fyllt av smerte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar