tirsdag 13. desember 2011

Teskjeipilegrimar


Dei hadde vandra over flate vidder i dagevis. Lang støvete og solsvidde vegar,  med sekk på ryggen og stav i hand. Som pilegrimar i framandt land. 
Vel framme i den store byen fann dei på å byte roller for ei tid.
Nok med enkle hospits for eit par netter.
Her må det skikkeleg standardheving til.
Ikkje noko mindre enn eit ærverdig Parador hotell er godt nok må vite.
Og så ut  i gatene. Pilegrimen vert raskt bytt ut med turisten.
Men det skulle dei ikkje ha gjort, for brått - ute på det store torget vert dei små som teskjeier.
Så små at dei må strekkje seg på tå for å sjå over krukkekanten.
Her er det nok forseint å kome med vasskanna.
Tru om det er eit av byen sine attgløymde juletre.
Turt og bladlaust står treet i krukka si på den solvarme plassen.
Liknar litt på heimlandet sine turre og nållause juletre, som dukkar fram utandørs når vinteren vert bytt ut med vår og sommar.

2 kommentarer:

  1. Teskjekjerringane, kanskje?

    SvarSlett
  2. Jau, han var nok med i bakgrunnen, han Alf, når eg flytta teskjekjerringa hans til caminoen.

    SvarSlett