onsdag 23. november 2011

November


Dei stutnar fort dagane, no som vi er i slutten av november. Sola greier seg med knapt fire timar når ho glytter over fjella i sør.
Om ho i det heile får lov å kike fram då. Det får ho ikkje i dag.
Ute leikar vinden om novene. Ikkje nokon storm her inne i ein bortgøymd fjord, men nok til at gjengløymt lauv losnar frå greinene og flyg i vindrossene.
Og så er det regn i lufta. Det har vore litt i mesta laget av det denne hausten.
Du får ta det som kjem og ikkje syte, trøystar mi kjære. Som om det er noko trøyst for ein som ynskjer sol og varme for sin frosne kropp.

Vel, ein skal ikkje berre klage heller, for fram til no har det vore ein mild haust. Snø har vi enno ikkje sett her nede ved fjorden. Til sorg for dei som gjerne vil ha ski på føtene, men til glede for ein som ikkje akkurat ser fram til snømåking og kulde.
Men no kan den vere ventande seier dei som spår veret. Til neste helg kan det ha kome kvit nedbør.

Sola ja.  Ho var framme så vidt i går, mellom jagande skyer. Men dei minkar fort soltimane hennar i dagane framover. 10. desember vert ho borte bak toppen av Sandhornet på andre sida av Voldsfjorden, og då kjem ho ikkje att før vi skriv 2012.

Kva fyller denne karen dagane med då, utan om å vente på neste solglytt, og lese litt spansk?
Ja, det undrar eg meg over kvar kveld når eg kryp under dyna.
Har du gjort noko vetugt i dag då?
Vart det berre TV og data?
Som oftast må eg tilstå at det vart det heller smått med det andre.
Litt vert det då. Når eg får puffe meg i siget. Men når sant skal seiast, så er det vel heller mi kjære som må skubbe meg igang. Ho er vand at skal noko verte gjort her i garden, så må ho vere med. Berre synd ho er så alt for snill mot karen ho gifte seg med.

Det er i grunnen litt rart dette. Dagane går utruleg fort, sjølv om det syne heller lite att av dagens dont.
Ein kan vel ikkje nekte for at ein har det sytalaust og godt som pensjonist, sjølv om innkoma i form av ”cash”  ikkje er på same nivå som den var i mitt yrkesaktive liv.
Men set ein tæring etter næring, så går det også rimeleg bra.
Og då får eg og mi kjære pusle oss gjennom dagane på vår måte. Eg er iallfall takksam for at ho har helde ut med denne karen i 46 år, og vonleg held ut i nokre år til.
Og om ein månad har sola snudd. Då går det mot lysare dagar igjen.
Men først ventar vi på eit nytt barnebarn. Ei lita jente har vi frett. Det vert stas.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar