Skyene over oss har vore spanande å sjå på siste dagane. Det har ikkje vore det vanlege grå teppet, men dei har synt seg i mange ulike former.
Slik og sist mandag.
Kl.15.30 var sola borte bak åsen i sør, og på den seine ettermiddags-himmelen skapte skyene seg om i stendig nye mønster.
Over åsen var der eit lysa felt, og der byrja det å syne seg eit lyseraudt strek austover.
Sæl er du pilegrim, om du manglar ord til å takke for alle dei gåvene som vegen byd bak kvar sving.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar