onsdag 24. november 2010

Kjempekristen?

Er du ein kjempekristen morfar?
Slik spurde eit av mine barnebarn meg etter å ha referert ei lita samtale med læraren sin.
Der hadde han fortalt at eg hadde fungert som prest ei tid, og då hadde læraren spurt om bestefaren hans var ein slik superkristen.
Nei, eg er ikkje ein kjempekristen. Eg er berre ein alminneleg, heilt vanleg, kristen, svara eg.


Den vesle samtala med mitt barnebarn førde meg inn i ein liten refleksjon omkring det å vere kristen, - og kvifor eg er det.
I ei tid då det å kalle seg kristen vert sett på som noko sært. Gjerne synonymt med mørkemenn og fanatiske livsfornektande og gledesdrepande menneske.
Er det ikkje ofte slik vi kristne vert teikna i media, og av trendy personar?

For meg handlar kristendomen om kjærleik.
Og når kjærleiken vert omsett i handling får det eit nytt ord knytt til seg. Det er ”å elske”.
I dagane etter Einar Gelius si bok ”Bibelen og sex” og TV-serien ”Trekant”, er det nesten farleg å sei "kjærleik".
Den siste tida si mediefokus har tydeleg synt at for vår tid er innhaldet av orda kjærleik, og å elske, likt med sex.
Vi kristne vert skulda for å vere sexfiksert. Etter mitt syn er samfunnsdebatten, styrt av media, det mykje meir.
Ikkje kyrkja og dei kristne.
Sjølv om sex er ein del av kjærleiken, så er det berre ein liten del. For kjærleik inneheld så mykje, mykje meir enn det som i dag synest å vere det viktigaste..

Kva legg eg som kristen i det å elske, i kjærleik?
Då må eg til eit språk som har fleire ord for kjærleik. Gresk
På vårt mål har vi berre eit ord for ulike typer kjærleik, sjølv om kjærleikens mål kan vere mangfaldig.
Eit ord som samlar alt frå det banale til det høgverdige.
Frå det egoistisk sexkjøp til den sjølvoppofrande tenesta for andre.


På gresk som er Det nye testamentet sitt språk, har dei fire ord for det.
Fire ord som nok har glidande grenser mellom seg, men som likevel teiknar ulike type kjærleik:
Det er agape, eros, philio og storge, og alle typene for å elske finn ein uttrykt i Bibelen.

Storge er den kjærleiken som vi har til våre born og borneborn. Familiekjærleiken.
Philio er kjærleiken ein har til vener.
Det er i eros at sex er ei vakker gudgitt gåve. Men som alle gode gåver kan også eros forfalle til eit middel for misbruk og fornedring av andre menneske. Det skjer når eros vert ei egoistisk tilfredstilling av eigne lyster.
Eros sin plass, etter mitt syn, er i det nære og private, mellom to som elskar kvarandre. Innananfor trygge rammer, grunna i gjensidig tillit.
Agape derimot er den kjærleiken som er utan krav, den uegoistiske kjærleik som gir utan å kreve noko i gjengjeld.
Det er agapekjærleiken som er kristendomen sitt fremste uttrykk.
Fire type kjærleik, og så det er opp til oss kva vi vil gi dei av rom i våre liv.


Sidan eg ser mitt liv som kristen, som eit liv i teneste for kjærleiken, så er eg ikkje lenger så oppteken av det å verte frelst, eller det å kome til himmelen når dette livet er over.
Frelsa er for meg å ha del i Jesus sin død og oppstode, og å vere døypt inn i hans rike.
Heller ikkje er eg så oppteken av små eller store synder, for Jesus sa at der ei grunnsynd. Og det er når vi ikkje tek imot han og det han har gjort for oss.
Det er Jesus Kristus som er den alt spring ut frå, og alt er underlagt.


Men bodskapen om Guds kjærleik til oss, slik eg les om den i Bibelen, har vorte kjernepunktet for meg som kristen.
Denne kjærleiken frå Gud, som eg og erfarar i mitt liv, den ynskjer eg å omsetje til kjærleik, i møte med mine medmenneske.
Eg greier nok ikkje alltid å få det til. Dessverre både sårar og skuffar eg andre menneske med mine gjerningar og ord. Men eg strevar med at Kristus skal få vinne stadig større rom i meg, og at hans kjærleik til meg skal få strøyme gjennom meg ut til dei eg møter i livet.

Då er eg attende til kvifor eg kallar meg ein kristen.
Og grunnen er personen Jesus frå Nasaret, Maria sin son, som har tittelen Kristus.
Jesus, eller Yeshua som var namnet han fekk, tyder ”Gud frelser”.
Og Kristus, som er den greske varianten av det hebraiske Messias, tyder ”Den salva” – Den som er salva av Gud.
For meg er han Gud. Den eine og sanne Gud.
Barnet som Maria fødde i stallen, som vaks opp i Nasaret, og som leid døden , krossfest, i Jerusalem, men som stod opp frå grava tre dagar seinare – er for meg Gud komen som menneske.
Denne personen har grepe tak i meg, og eg er grepen av han.

Men er det nok for meg å vere grepen av han?
Det fører meg attende til det første eg skreiv, om fylgjene av å vere grepen av Han.
Det som samlar seg i eit ord: Kjærleik.
Kjærleiken frå Gud gjennom Jesus Kristus, - og -
Kjærleiken til Gud og medmenneske.


Derfor er eg ingen kjempekristen. Berre eit heilt vanleg menneske som er grepen av Kristus, og som så langt eg klarer, prøver å leve ut den kjærleiken han har gitt meg, i mitt eige liv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar