torsdag 18. november 2010

Alterskapet i Ørsta kyrkje. Formidlarane (3)

Det var 11 skip som gjorde turen til Nederlanda i 1515, for å hente den framtidige dronninga av Danmark-Norge til Kjøpenhamn og kong Kristian II.
Og det var eit stort fylgje av mektige menn, både innan kyrkjeleg og verdsleg makt som fylgde med på reisa.

Mellom dei var og norske stormenn. To av dei er namngjevne.
Den eine var den norske erkebiskopen Erik Valkendorf, som rett nok var dansk av fødsel.
Ein nær ven og medarbeidar av kongen, heilt frå før Kristian vart visekonge i Norge. Og det var vel fordi han var ein mann kongen hadde tiltru til, at han vart utnemnd til å sitje på erkebispesetet i Nidaros.
Den andre var Nils Henrikson, herren til Austråt. Gift med fru Inger. Norsk riddar og framståande medlem av det norske riksrådet.
Nils Henrikson åtte Austråt-godset med store eigedomar frå Sunnmøre i sør til Finnmark i nord.

Kanskje var det gjennom erkebiskop Valkendorf at den ille plaga prinsessa, av sjøsjuke og sjelekval, lova Gud fem alterskap til sitt nye heimland, som ei takk om Han førde skipet og henne velberga i hamn. Frelst frå storm og rasande bylgjer.

Erkebispesetet hadde gode kontakter til bankier Otto i Amsterdam, og i 1517 er erkebiskopen på vitjing hos Otto.
I 1520 er det kannik Hans Reiffs frå Nidaros som reiser til Amsterdam.
Er det for å hente dronning Elisabet sitt Gudsløfte, dei fem alterskapa, kanniken tek turen?
Det synest å vere på denne tida at alterskapa vert å finne i dei fem kyrkjene som fekk del i dronninga si gåve.

Kvifor desse fem kyrkjene?
Det teier soga om, men fire av dei ligg i det dåverande Nidaros bispedøme, og alle ligg på øyar som var sentrale i bispestolen sitt innkome av fisketiend.
Den femte, Ørsta, har ikkje det tilknytingspunktet, så kanskje er det riddaren på Austråt som er inne i valet av kyrkje her. Sidan han var ein stor jordeigar på Sunnmøre.


Kvifor Ørsta?
Det kan ha samanhang med skapa si utforming.
Dei fire frå Grip og nordover er alle skap som er smykka med heilage menn og kvinner.
Medan Ørstaskapet skil seg ut. Skikkelsane er grovare utførde, og motivet i skapet og på dørene innvendig er frå langfredag. Medan dørene utvendig syner engelen Gabriel si vitjing hos den pur unge Maria.
Hovedmotivet inne i skapet er krossen og krossfestinga.
Vart Ørsta vald fordi stavkyrkja var vigsla til krossen, slik det gamle namnet "Korskirke i Ærst" kan tyde på?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar