tirsdag 23. november 2010

Kald fjøre

Vegen var frosen og glatt å gå på, så eg byrja tenkje på å snu.
Då ser eg ein snødekt sti ta av ned gjennom skogen mot fjorden.
Den har eg ikkje vandra før, så kvifor ikkje velje den?
Den rimfrosne snøen knasar under føtene mine når eg går over den opne myra.
Men snart opnar skogen seg mot stranda og fjorden.


Der er tett furuskog ned mot fjøra.
Gjennom denne furuskogen buktar stien seg fram mellom furu, einer og blåbærlyng.
Velttrakka og lett å gå.
Her inne mellom trea er skogbotnen fri for snø.
I utkanten, ned mot fjøra, står graset frå sommaren som var.
Gulbrunt, frosent og dekt av kvitt rim.


Men nærare fjøra, utanfor furukronene sitt vern, har den vesle snøen som kom tidlegare, og frosten, lagt graset ned. Skapt det om til eit kvitt teppe ovanfor flomålet.


Går eg nærare ser eg at kulden har skapt snøen om til små rimkrystallar som funklar i sola.


Og heilt nede i flomålet er fjøresteinane gøymde under is.


Og bak det nære, når eg let blikket mitt fange den vide fjorden, ser eg dei kvite fjella lyfte seg mot ein kald og blå vinterhimmel.

1 kommentar: