tirsdag 2. november 2010

Santo Domingo de Silas 23.september (3)



Besøket i Covarrubias er over, men det er enno lenge til munkane syng. Derfor tek ho oss med til ei fjellkløft i eit naturreservat.
Og vi med så mange fjellkløfter heime, let oss imponere.



Trang og djup som Yecla-kløfta er. Det er bygt ein gangveg gjennom kløfta. I botnen renn elva, og høgt over oss, oppe på toppane sit gribbane og speidar etter eit måltid.


Det er ikkje langt frå Yecla til Santo Domingo de Silas og munkane, men så viser det seg at vi har ekstra god tid på oss. Dei syng først vesper kl.19.00.



Men Carmen vil gjerne vise oss meir enn berre kyrkja, så ho tek oss med på ein rundtur i klostermuseet.
Mellom alt ho synte oss, var og det store alkymiromet, der munkane laga medisin av naturen sine produkt.
Så no veit vi ein heil del om korleis munkane her, dei var tidleg ute, dreiv storproduksjon av mange typer medisin.


Men som sagt, vi fekk ein time meir i Santo Domingo de Silas enn forventa, og sidan det er klosteret og kyrkja som er staden, så var det berre å finne seg ein liten bar, kjøpe seg ein kaffi og litt snop, og setje seg for å la tida gå.


Det vart litt kjøleg etter kvart, så vi gjekk inn i kyrkja og fann og plassar i god tid. Vi var nokså åleine i starten, men før munkane kom inn, var kyrkja mest fullsett.
Så byrja vesper. Og det var for det meste gregroiansk song.
Munkane sat og song mot kvarandre i koret, og det var kanskje årsaka til at det vart litt for spinkel lyd for mine øyre. Men kanskje var mine forventingar for høge også. Ein CD og Live framføring er ikkje det same.
Mot slutten viste det seg at på benken bak oss sat Carmen, og ho drog oss med til munkane si avslutting i eit sidekapell, og så ut til bilen etterpå.

Ute var det vorte mørke kvelden medan vi var inne i kyrkja. Så det var ikkje mykje å sjå på vegen attende, men vi skjøna at Carmen tok ein annan veg denne gongen.
Og ho hadde meir ho ville vise oss, for då vi nærma oss motorvegen attende til Burgos, tok ho av inn i ein ny by.
Det var Lerma, og her køyrde ho inn til det store torget midt i byen. Der ville ho syne oss byen sitt Parador-hotell, og fortelje soga om husa ved torget.

Det var kongens nestkomanderande, hertugen som heldt til her. Men kongen var ofte på besøk, og då budde han i ei sidebygning ved torget. Mellom dei to bygningane var det bygd ei bru slik at ingen trong å gå ut for å vitje kvarandre.
Det var berre det at kongen og hertugen si kone fekk eit godt auge til kvarandre, og brua vart mykje nytta.
Dette fann ikkje hertugen seg i. Men diverre var han den svake part i spelet, så han miste hovudet og kongen tok frua, og brua vart reven for å ungå fleire uønska vandringar over den.


Dagen etter, på veg mot Madrid, ser vi Lerma sine tårn teikne seg mot morgonhimmelen.

6 timar etter at vi starta var vi attende ved utgangspunktet i Burgos, og kunne ta eit hjarteleg farvel med, og takke ei smilande Carmen for ein flott tur.
Ho er med dette anbefalt, om nokon skulle kome til Burgos og ynskje seg ei lita utflukt ut om byen sine grenser.


Og med denne uniformerte sitt stoppsignal, set eg punktum for fortellingane frå pilegrimsvandringa langs Camino Frances i 2010, med tillegg av ekskurset sørover i inn i fjella.

Lerma

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar