tirsdag 30. november 2010

Kveldshimmel


Spinkle tonar frå ein einsleg lutt fyller romet der eg sit og ser sørhimmelen endre seg frå den lyse dag til at mørkret sig innover fjell og fjord.
Men enno ei lita stund lyser himmelen blank mellom dei mørkare skyene.

"All støy
skal ende i stillheten

I det ubevegelige
synker bevegeligheten inn
....
Hverken lyd
eller bevegelse i Gud

Bare Guds signum
det evige er hva du ser"

seier Arnold Eidslott i diktet "Om det første".

I dag er det dagen for apostelen Andreas.
Andreas som var Jesus sin første læresvein i fylgje Johannesevangeliet.
Andreas som går til bror sin Simon og seier: "Vi har funne Messias."

Andreas som truleg enda livet på ein X-forma kross ,i år 62 i Patras på Peloponneshalvøya. Hellas.
Men før det rakk han å forkynne evangeliet på nordkysten av Svartehavet, og så langt aust som til Volga.
Legendene seier og at han i år 38 vart biskop i det som då var den vesle byen Bysants ved Bosperusstredet.

Borgund stavkyrkje vart vigd til apostelen Andreas.

Ute har himmelen vorte nattemørk, og dei første stjernene er tende mellom skyene.
Den minkande måneskalken let seg vente endå nokre timar før han dukkar opp mellom stjernene. Det er ikkje mykje lys han har å gi no. Nokre få dagar før han er i ny.
Ein kald kveld og natt er i emning.
Minus 9 grader C viser gradestokken ved kjøkenglaset.

Kva kan høve betre ein slik kveld enn nokre vers frå ein svært gamal kveldssalme, Salme 8.

"Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn er over all jorda.
....
Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneskebarn at du kjem det i hug,
eit menneskebarn at du tek deg av det?
....
Herre, vår Gud, kor herleg ditt namn er over all jorda!"

Det er i det stille at vi finn Gud, seier dei gamle mystikarane.

Inne i den ovnsvarme stova hjå meg, fyllest romet av dei spinkle tonane frå lutten, over ein siciliansk folketone til "Ave Maris Stella".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar