torsdag 18. november 2010

Alterskapet i Ørsta kyrkje, Prinsessa (2)

Kven var ho, prinsessa i fortellinga eg høyrde i min barndom?
Ho som gav alterskapet i Ørsta kyrkje, og fire andre skap i tillegg.
Sidan det i tilknyting til alterskapa i Grip, Leka, Røst og Hadsel kyrkjer, har vorte fortalt liknande fortellingar, kan det ikkje berre vere eventyr. Der må vere ei kjerne av sanning i den.
Så kven var ho denne kvinna?

Dei som har granska soga, har stansa ved ei høgætta ung kvinne som i det aktuelle tidsromet gjorde ei sjøreise.
Og då må vi til Flandern i Nederlandene.
I byen Mechelen budde Isabella av Habsburg, i fostring hos si farsyster Margrete.

Isabella av Burgund som ho og vart kalla etter si morsætt, var dotter av det Castillianske regentparet Johanne og Fillip I. Men då faren døydde i 1506 kom ho og syskjena til si tante.
Farfaren var den tysk-romerske keisaren Maxmillian I.
To av hennar brør vart tysk-romersk keisarar under namna Karl V og Ferdinand I.
Så det er ei kvinne frå ei høgætta og mektig familie i Europa, Habsburgarslekta, det her er snakk om.


Isabella vart fødd i Brussel, 18.juli 1501, og er når denne soga tek til, ei ung jente på 13 år.

I Kjøpenhamn sit kong Kristian II med si elskarinne Dyveke frå Bergen. Men ein konge må ha ei dronning av edelt blod. Det er maktpolitikk inne i biletet.
Og valet fell på den unge Isabella, og ho må godta valet av den 20 år eldre Kristian som ektefelle.

I 1514 vart ho vigd til sin konge i Brussel. Han møtte ikkje opp i vigsla, så det vart ved Kristian sin utsende stedfortredar.
Og ho tok då det danske namnet Elisabet.
I juni 1515 vart ho henta av eit stort fylgje med danske og norske stormenn, for å sigle over havet til sitt nye land, kongeriket Danmark-Norge.

Det vart ei stormfull reise, og dei rundbotna koggane låg ikkje rolege i sjøen under storm.
Då ferda kom i hamn i Skagen ville ikkje den sjøsjuke Elisabet reise vidare med båt, men dra vidare over land.
Men ho vart overtala til å halde fram sjøvegen.
Været var ikkje betre under resten av reisa fram til Kjøpenhamn, så det var ei halvdød prinsesse som steig iland og møtte sin ektemann, kong Kristian II, den 4.august.
Men det vart ingen storslagen mottaking i byen, for under inntoget braut det ut eit kraftigt regnskyll som øydelagde festtoget gjennom gatene fram til slottet.

Søndag 12.august 1515 vart ekteskapet med Kristian II stadfesta, og ho vart dronning av Danmark-Norge.
Ho fekk eit stormfullt liv. Då Kristian II vart landsforvist av den danske adelen i 1523, fylgde ho kongen attende til Nederlanda, der ho døydde i Gent 19.januar 1526.


Kva knyter henne til dei fem alterskapa, og særleg det i Ørsta kyrkje?
Fortellingane som har levd i tilknyting til skapa, og at der er tlknytingspunkt frå fortellingane og til soga om den unge Isabella / Elisabeth.
Eine døra på alterskapet i Ørsta. På døra som syner Maria under vitjinga av engelen Gabriel, ligg der eit våpenskjold på ei pute. Og dette våpenskjoldet har slekta Habsburg sine fargar, raudt med kvit bjelke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar