tirsdag 2. november 2010

Prinsesse Kristina. 23.september (2)

Prinsesse Kristina var ei eldre syster av kong Magnus Lagabøtar, dotter av kong Håkon Håkonson. Fødd i Bergen i 1234, og vaks opp i Tønsberg. Døydde barnlaus i Sevilla i 1262, berre 28 år gamal, Etter døden vart ho frakte nordover og stedt til kvile i klosteret i Covarrubias i kongedømet Castilla y Leon.
Og no dreg ho oss fire pilegrimane frå nordvestlandet på tur inn mellom fjella til hennar grav.


Korleis kunne ei norsk prinsesse kome til å verte gift inn i den castillianske kongefamilien?
Ja om det er historikarane, både norske og spanske usamde.
Men kanskje heng det saman med ulike kongar sine alliansebyggingar for å få kunne verkleggjere ein draum om å verte vald til den nye tysk-romerske keisar. I alle fall er både den engelske og spanske kongen blanda inn i få Håkon Håkonsson si dotter gift med ein bror av den castillianske kongen Alfonso X.

Seinsommaren 1257 forlet Kristina Tønsberg i eit nybygd skip. Ho hadde med seg eit stort fylgje på over hundre personar. Ferda gjekk først over Nordsjøen til Yarmouth i England. Derifrå over kanalen til Normandie.
Der forlet dei skipet og drog vidare til hest nedover Frankrike og inn i Catolonia og til kongeborga i Barcelona.
Neste etappe var inn i Castilla y Leon og fram til Burgos, der ho feira jula i klosteret Las Huelgas. Det står der også i dag, uforandra sidan Kristina feira julemesse der for over 750 år sidan.
Så gjekk ferda vidare sørover til hovedstaden Valladolid, der ho vart møtt av kong Alfonso X, og hans brødre.

Håkon Håkonson hadde stillt som eit krav når dette kom i stand, at Kristina skulle sjølv få velje kven av kongen sine brødre ho ville ta til ektemann.
Eit noko uvanleg krav på den tida. Det var helst fyrstane sjølve som fastsette kven døtrene skulle ekte. Døtrene måtte berre godta valget.

Kristina valde don Felipe som var 27 år, tre år eldre enn ho sjølv.
Felipe vert av sin bror, kongen omtala som ein dyktig jeger og riddar, glad og munter, gavmild og vennleg og ein god kamerat.
Hans største glede var å kjempe med bjørn og villsvin og han var lite eigna for eit geistlig embede, som han var utdanna til heilt fra barndomen.
Felipe hadde fått flere geistlige titlar, men han kom aldri så langt at han formelt avla presteløftet.
Han var mellom anna utnemd til abbed i stiftskyrkja i Covarrubias og alt som tolvåring var han kannik i Toledo.
Fernando III, far hans, hadde også utpeikt ham til erkebiskop til Sevilla før byen vart teken frå maurarane.


31.mars i 1258 vart ho gift til Felipe i stiftskyrkja i Valladolid, men dei flytta til Sevilla og busette seg i borga der.
Ho får ikkje noko langt liv. Ein dag i 1262, berre 28 år gamal, døyr prinsesse Kristina, og lekamen hennar vert på eit muldyr, frakta nordover til stiftskyrkja i Covarrubias, der ho vert stedt til kvile. i kyrkja der don Felpie hadde vore utnemd til abbed i mange år, heilt fram til han gifte seg med henne.
Don Felpie gifter seg att, men døyr barnlaus, 45 år gamal, og vert stedt til kvile i kyrkja i Villalcazar de Sirga i provinsen Palencia.

Eit lenge gløymt intermesso i sambandet mellom Norge og Spania, men idag vert sambandet mellom Covarrubias og Tønsberg bygt ut gjennom ei venskapsbyavtale.



Og her får vi sjå mykje meir enn om vi hadde kome der på eigahand. Ho tek oss med inn i kyrkja, og vidare inn i klosterhagen der Kristina sitt sarkofag står, og så vidare inn i kyrkja sitt museum. Og heile tida peikar ho ut og fortel med munn og hender. Og vi som ikkje kan spansk, vi forstår alt. I alle fall det meste.




Også vår ven frå pilegrimsvegen, Sankt Roch er her. Men denne gongen er han ikkje åleine. Her er ein mørk Sankt Roch som er i arabisk drakt.
Er det ein mozarabisk St. Roch?






Vi er på veg ut av kyrkja då Carmen grip tak i meg. Det er noko meir ho må vise meg. Orgelet i kyrkja.
Det er heilt eineståande forklarer ho. Gamalt og med ein nydeleg lyd.
Det einaste att av dette slaget i Europa!
Eg nikker, smiler og forstår - men det fell nok litt på steingrunn hos meg.
Det skulle vore Leif som var her no, då hadde det nok vunne større gjenklang. Organist som han er. Men desverre, denne gongen måtte han vere att heime.


Då er det berre att eit besøk i suvenirbutikken, og på turistkontoret for å få våre stempel i pilegrimspassa.
Der får vi høyre at det kapellet til St.Olav som prinsesse Kristina var lovt skulle byggast, men som ho ikkje fekk oppleve. Det er no i ferd med å reisast her i byen med god norsk hjelp. Betre seint enn aldri, sjølv om det skulle gå over 750 år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar