lørdag 6. november 2010

Costa del Sol (1)


Etter bussturen tvers over Spania, frå nord til syd, er vi der - på solkysten.
Vi var invitert av medvandrar Reidun og hennar make Ottar, til å vere nokre dagar hos dei i den norske kolonien Elvira i Marbella på Costa del Sol.
Og det hadde vi takka ja til.


Det var ikkje så langt frå deira husvære til sjømannskyrkja El Campanario i Calahonda, så på søndagen var vi der til gudsteneste. Då deltok og eit kyrkjekor frå Fredrikstad med song. Men først var det grillmat å få kjøpt i kyrkja sitt atrium.




På onsdag kveld var vi attende til ein konsert med "Dei tre pianistane". Den eldste av dei var 87 år gamal.
Dei spela kvar sin musikkstil; klassisk, jazzinspiret og pubmusikk til fullt atrium og stor stemning.
Det kom visst uventa mange på konserten, så damene som skulle steike vafler til alle, hadde eit storarbeid med å greie å steike nok av dei brune vaffelhjerta.


Ein tur innom gamlebyen i Marbello vart det og tid til, og det kan vere litt av kvart å sjå når ein ruslar gatelangs.






Å vitje kyrkja høyrer alltid med for meg. Slik også her i Marbella.
Ikkje det mest prangande byggverket utanfrå, men der var eit lite og koseleg torg framfor den.


Og inne var nokre kvinner i full gang med å pynte alteret. Skikkelsane på alteret var flott kledde i vakre kle. Men ho på golvet framfor, såg ut for å lengt ut til sola og leiken med andre born.


På ei tavle ved kyrkjedøra vart det synt til alle dei i eldre tid som hadde vore her, nokre av dei også som herrar over byen.
Men i dag var det andre folkegrupper som sette sitt preg på byen. Mellom dei fann vi og "noruegas".


Lenger vest i Marbella kommune, nærare Gibraltar, ligg ein liten by som heiter Puerto Banús, og der er det ei stor hamn for småbåtar.
Vel, vel - kor små dei er kjem vel litt an på augene som ser.

Marbella

Den autonome regionen Andalusia


Marbella sitt flagg

Andalusia sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar