onsdag 17. november 2010

Alterskapet i Ørsta kyrkje, Vitjinga (1)

I min barndom høyrde eg fortellinga om prinsessa som under ei reise på havet, kom ut for storm.
Skipet vart kasta opp og ned i dei store bylgjene, og det var då ho, sjøsjuk og redd for at båten skulle gå under, lova å gi fem alterskap til kyrja om ho kom velberga til land.

Når far min tok meg med til gudsteneste, såg eg det eine av alterskapa innfelt i altertavla framme i koret.
Medan dørene som høyrde til, hekk på veggen ved sida av døra inn til sakrestiet.

Eg var tenåring då altertavla vart teken ned, og i staden fekk det gamle alterskapet igjen dørene sine, og vart sett opp på sin rette plass, på alteret.
Men kva er soga til dette gamle alterskapet frå omlag 1520?


Ragnvald E. Aas fortel i ein artikkel i Årskrift for Nordmøre historielag (1971) at i 1950 kom ein hollandsk professor i kunsthistorie til Ørsta. Han kom på grunn av alterskapet.
Sokneprest Johan Julseth fylgde professoren til kyrkja, og Julseth fortalde seinare at gjesten vart ståande lenge framfor alteret, før han kleiv opp på alterbordet og der vart ståande på kne, som i tilbeding, framfor alterskapet.
Etterpå var han som i ekstase, og ville korkje ete eller drikke, men berre snakke om kunstverket.

Seinare kom det spørsmål frå Holland om å få låne alterskapet til riksutstillinga i Amsterdam i 1958.
Og så byrjar snøballen i rulle, og det er mange innan kunsthistorie som har hatt sine meiningar om skapet, og kva, kven, som er årsaka til at det hamna i den dåverande stavkyrkja, Korskyrkja i Ørsta.

På biletet, teke av fotograf Olav Lystad, står sokneprest Johan Julseth framfor altertavla der alterskapet er innfelt som den øverste delen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar