lørdag 6. november 2010

Costa del Sol (2)


Så har eg prøvt det.
Å dukke min lekam ned i det blå Middelhavet.
Merkeleg.
Det kjendest akkurat ut som fjorden heime.
Berre nokre grader varmare.
Men det var langt å vasse utover før det vart så djupt at eg tykte eg kunne legge meg framover utan at botnen møtte kne og hender.

Men, avslappande var det å vere der på stranda.
Setje seg ned og la augene gøyme seg bak mørke solbriller, medan blikket fekk kvile på havet framfor meg.
Samstundes som andre solbadane menneske, med svært ulike kroppsformer, gjekk forbi i synsfeltet mitt på stranda, innanfor dei svake bårene som braut framover sanden.
Somme sakte ruslande, andre i raskare trav.

Og på sidene mine, det er mest som eg ikkje torer skrive det utan å verte blyg, solbadande, fagre kvinner med minimalt med tekstilar på seg.
Kvar skal ein stakkar vende blikket, tru?



Og langt borte under skyene, nesten heilt gøymt i soldisen, kunne eg skimte ein fjelltopp reise seg. Og endå lenger til venstre, så svakt att det stundom vart heilt borte, reiste endå eit fjell seg i disen.
Det var Europa og Afrika som så svakt synte seg der dei er nærast kvarandre, med vikingane sitt Norvasund i mellom.


Siste kvelden tok våre vertar oss med opp i fjella til ein liten landsby.
Mijas Pueblo heitte den, og likna ein liten, kvit arabarlandsby der han låg i kveldssola.



Vi var ikkje åleine der. Det var nesten uråd å finne parkeringsplass, og dei trange handelsgatene var fulle av folk. Sjølv om det var langt på kveld, og forretningane var i ferd med å avslutte dagen.


Eg fall for denne vesle salgsvogna.
Eg trur eg måtte leita lenge heime for å finne nokon som reklamerte så åpenlyst for si tru som eigaren av denne.



I ein bergknatt hadde ein einebuar hogge ut ein bustad for seg, og eit lite kapell.
Bustaden var omgjord til turistkontor, men kapellet låg der, opplyst og ope for alle.



Sola gjekk ned medan vi var der, og tussmørkret kom sigande over havet, med Torreblanca og Fuengirola nedanfor oss.

Mijas

Mijas sitt flagg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar