tirsdag 30. november 2010

Ettertankar (5)

I går kveld var eg på ein mannskveld ute på Kjeldsund. NMS sin leirstad på Søre Sunnmøre.
Det var triveleg. Mange menn samla i dei varme stovene, og god middag fekk vi og.
Potetball med mykje godt til.
Eg var der fordi eg skulle snakke om pilgrim og pilegrimsferder.

I samtalen etter mitt innlegg, fekk eg spørsmål om kva pilegrimsvandringane har gjort med meg.
Det var ikkje så lett å svare på så med ein gong, men lite trudde eg.
Sterkt forankra som eg kjenner meg i oppveksten si vestlands-pietisme.
Men i ettertanken utover kvelden og natta dukka det opp nye tankar.
Lutheranaren i meg har nok endra seg meir enn eg trudde var tilfellet.


Endringane byrja nok år attende.
Studieåra mine på den kyrkjefaglege linja på Distrikshøgskulen i Volda sådde nok den første spiren.
Eit møte med den svenske pinsepastoren Peter Halldorf på eit bispedømemøte på Molde, og lesing av bøkene hans, gjødsla spiren som var sådd.
Det førde meg i kontakt med andre, og eldre, trusretningar og tankar enn dei eg vaks opp i.

Så kom mine første pilegrimsferder. Til Israel og til den gamle keltiske trusverda i Skottland og Northumbria. Iona og Lindisfarne m.m.
Nye og spennande trusverder dukka opp som kravde gransking og innsikt.
Ny gjødsling av det som no hadde vorte ei lita plante.


Dei tre første åra med vandring sørvest gjennom Frankrike og over fjella til Spania, vart eit møte med ei anna, og for meg endå ei ny trusverd.
Den romersk-katolske, som i min vestlandsk-pietistiske oppvekst hadde vore rekna halvvegs som ei vranglære. Kunne dei reknast som skikkelege kristne? Med alle sine heilage som dei tilba og dyrka?

Og eg møtte alle desse heilage. I glasmåleri i kyrkjene. Som heilagbilete over alter. Som skulpturar langs kyrkjeveggane, og langs vegen eg gjekk.
Kven var dei alle desse, og kvifor var dei så veldig tilstades der eg gjekk?

Og spørsmåla dukka opp.
Er her noko som reformasjonsfedrene kasta ut med vaskevatnet?
Ein tradisjon eg som protestant har gått glip av?
Hebrearbrevet talar om fedrene sine vitnemål om tru.
Er det likevel ikkje vantruande tilbeding av menneske/heilage katolikkane driv med, men takk for dei heilage sine vitnemål om tru?
Framleis har nok lutheranaren i meg, vanskar med å be dei heilage gå i forbøn hjå Gud for meg. Slik eg oppfattar at dei romersk-katolske gjer.

Eg er framleis ein lutheranar i sinn og tanke, men vandringane i andre kristne si trusverd, har nok endra meg, og sett sine spor i også mi trusverd.
Vandraren er på vandring, ikkje berre i den synlege verda, men og i trusverda si røyndom.
Kva som ligg og ventar når han er framme ved endt vandring, veit han ikkje.
Men for vandraren ser det ut for at der er ei usynleg hand som syrgjer for at spiren som eingong vart sådd, framleis får sin gjødsel og vokster.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar