mandag 15. november 2010

Ettertankar (4)

Turisten tek alltid med seg noko heim som ber med seg minne om turen.
Slik også med pilegrimen / vandraren. Men for dei spelar omfang og vekt på suveniren med i valet, sidan han har alt sitt i ein sekk på ryggen.
Derfor må hans minneting helst vere små og lette.
For pilegrimen undervegs til Santiago de Compostela er kamskjelet bortimot obligatorisk. Til å bere på sekken for å fortelje omverda: Eg er ein pilegrim.
Elles vert det gjerne ulike merke til å feste på hattar eller jakker. Små emaljerte merke som fortel noko om kvar ein har vore, og kva veg ein går på.


Dette er ikkje noko nytt.
Også middelalderen sine pilegrimar bar med seg noko heim frå sine vandringar.
Rett etter år 1900 kom det inn eit slikt lite pilegrimsminne til Heiberg sine samlingar i Sogn(Sogn folkemuseum). Funne under golvet i ei gamal kyrkje.
Eg let fantasien gå sine eigne vegar omkring korleis dette merket hamna under golvplankane i den gamle kyrkja.

Det var på 11-1200talet han levde. Pilegrimen.
Pålagd av presten å reise på pilegrimsferd til Santiago de Compostela for å gjere bot.
Det låg nok ei alvorleg handling bak sidan bota var so hard, for det var inga lita reise han gav seg ut på.
På reisa mot sør greidde han å finne båtar som drog leia frå Sogn til Bjørgvin og vidare til England.
Ferda bar så vidare sørover langs Frankarriket og vest til Galisia.
Så var det å ta føtene fatt og vandre opp gjennom fjella til den store kyrkja, og der få knele ved Jakobs grav.

Men så var det heimreisa. Fjella og fjorden i Sogn var så uendeleg langt unna når ein må nytte landevegen heim.
Dagar vart til veker, mange veker, der han gjekk over dei varme slettene i Castilla og inn i Navarra.
Han var ikkje åleine på vegen. Mange einslege pilegrimar og små familier var på vegen. Nokre på veg mot Jakob si grav. Andre var som han, på veg heim.
Vel over fjella valde han den vegen som var kortast gjennom frankarriket og heim. Den som leidde gjennom Limoges.
Han stansa der eit par dagar og kvilte ut. Samstundes nytta han høvet til å be ved Sankt Martial si grav.
Då han gjekk vidare låg der ein liten bronsefigur, dekt av emalje i vakre fargar, i veska hans.

Frå Danmark fekk han vere med ein båt som skulle til Bjørgvin.
Det var tidleg vår då han drog, men det var alt seint på andre året, då han stod i stamnen og såg heimbygda dukka fram bak neset der framme.

Under ei messe i kyrkja, steig han fram til presten og fortalde at no han hadde vore ved Jakobs grav, slik han var pålagd, og presten tok han igjen inn i kyrkjelyden.
Det var då han rette handa fram og la den vesle blå figuren i presten si hand, og bad om at den måtte få sin plass ved alteret.

Mange år etterpå fall den ned på golvet, og i den mørke kyrkja der berre kjarteljosa lyste, kom ein fot bort i den, og den fall ned mellom to golvplankar.
Og der nede, i mørket under golvet i Urnes stavkyrkje, vart den liggande i mange hundre år.



Slik ser han ut den vesle emaljerte bronsefiguren. Laga i Limoges. Ein by på Via Lemovicensis som og går gjennom Vézelay (vert idag rekna som startpunktet på den pilegrimsvegen).
Limoges er, frå middelalderen av, kjent for sine vakre emaljearbeid.

Kven er det?
Er det Sankt Martial i si blå biskopdrakt?

St. Martial vart sendt frå Roma til Limoges midt på 200-talet, og han bygde opp kyrkja der.
I tidleg middelalder vart det skapt legender om at han var ein andre generasjons apostel. Utsend av Peter.
Han var ein av dei 70 som Jesus sende ut, vidare hadde han vore tilstades når Jesus kalla Lasarus ut av grava, under nattverden og då Jesus vende attende til Guds himmel.
Han vart tilskreven fleire under, også vekking av døde med ein stav Peter hadde gitt han.
Grava hans vart i 1960-åra attfunnen i ei krypt under restane av klosterkyrkja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar