torsdag 11. november 2010

Ettertankar (2)

Tim Wright er ein britisk teolog. No i ei teologisk stilling på universitetet i St. Andrew i Skotland, men var i fleire år biskop i Durham.
Han fortel i innleinga til boka ”The way of God”, kva tankar om pilegrimsferder som rådde i den reformerte kyrkja då han vaks opp, og til langt inn i 1970/80 åra.


Faren hans var prest , knytt til Lindisfarne, den såkalla Heilage Øya , nord mot Skotlands grense.
Det hende dei var med når han reiste dit, men pilegrimsperspektivet med Det Heilage øya var aldri noko tema på desse turane.
Det var det heller ikkje når dei besøkte andre ”heilage” stadar i Yorkshire og Northumberland. Stadar som Bambourgh, Hexham og Durham.
Stadar som er sterkt knytte til dei store truskjempene innan keltisk kristendom, på austkysten av Storbritannia.
At ein skulle vere noko nærare Gud der, enn heime i si eiga soknekyrkje, eller i bøn ved senga i eigen heim, var aldri ein aktuell tanke.
Tanken om å vere pilegrim til heilage stader var ikkje tilstades i forkynning eller undervising. Ikkje eingong til Israel og Jerusalem.
Der var det Jesu sine ord om at for den truande som tilbad i ånd og sanning, var Gud nærverande alle stader og til alle tider.
Ein trong ikkje å søkje heilage stader der heilage menneske hadde levd for å få denne kontakta med Gud.
For dei evangeliske truande vart den personlege opplevinga av Guds kjærleik og nærver, aktualisert gjennom trua på Jesu Kristus. Gjennom Bibel og bøn, i den kristne fellesskapen og i kallet til å fylgje etter han.


Desse orda hans kjende eg meg att i. Slik opplevde eg og forkynninga i kyrkje og bedehus i min eigen oppvekst og langt inn i vaksne år.
Kanskje endå inn i vår eiga notid.
Pilegrimstanken er nesten fråverande. Det gjeld ordet pilegrim, både i form av ei verkeleg reise, men og i det utvida perspektiv som famnar livet si reise frå vogge til grav, med alle sine utfordingar.
Pilegrimsvandringa sine utfordringar og prøvingar passar ikkje inn i det lyse og lette som vår tid forventar – og krev av forkynninga.
Det utvida pilegrimsperspektivet har eg ei kjensle av var meir tilstades i forkynninga i min ungdom enn i dag. Årsaka var kanskje at då rådde den pietistiske vekkingsforkynninga i kyrkje og bedehus..

Den vaknande interessa for pilegrimsvandringar i dag, har nok fleire grunnvollar.
Mange fortel at Paulo Coellho og Shirley MacLain sine bøker utløyste deira vandring.
Er det media sine forteljingar, og turisten sine behov for opplevingar litt utanom den vanlege straumen, som er drivkrafta bak mange pilegrimar i våre dagar?

Kanskje også mi?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar