tirsdag 9. november 2010

Ettertankar (1)



Ute er det ein vakker, men kjøleg, novemberdag.
Han kom tidleg vinteren i år, og værprofetane i media lovar ein lang og kald vinter.

Eg hadde lite vinter og snø i tankane då eg i september traska på støvete og varme landevegar i nord-Spania.
Då var det heller tankar i tråd med japanaren sine.Han som gjekk vegen for å finne ut kvifor han gjekk.
Dei dagane då smerten i sida var alt for tilstadesverande, dukka nok spøsmålet opp i tankane.
Kvifor går du her frivillig? Du kunne då hatt det mykje betre heime i stova.
Eller -
No er du for gamal til dette.
Vil du aboslutt kome til Santiago de Compostela, så finst det lettare måtar.

Eg sit i godstolen med avisa, og augene fell på ei heilsides lysing.
"Langs pilegrimsvegen til Santiago de Compostela."
Og den lovar turen på 5 dagar utan å få trøytte føter, der eg vil bruke fleire veker på å gå.
" Vi har imidlertid gjort turen komfortabel og tar de lange strekningene med buss, sover på behagelige hoteller og smaker de forskjellige regionenes gode mat og drikke, inklusive vinsmaking i Rioja."

Høyrest det ikkje fristandes ut?
Likevel, eg trur ikkje det vert aktuelt.
Det er noko med vegen som fasinerar.
Noko som dreg meg til å gå den.
Kjenne den under føtene.

Jau visst vert eg sliten, trøytt og svett - og kjem til å tenke igjen;
Dette er galskap, dette orkar eg ikkje meir - dette er eg for gamal til.
Neste morgon er det gløymt, så underleg det høyrest ut.

Men kva det er, det veit eg ikkje enno.
Framleis undrar det meg at eg går den, og har gått den.
86 mil har føtene mine vandra etter pilegrimsvegen - steg for steg - og framleis er der 46 mil att.

Kvifor?
Kanskje får eg svaret på mitt kvifor, når eg står ved katedralen i Santiago de Compostela og kan sjå attende på vegen eg gjekk.
Kanskje får eg det aldri.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar