tirsdag 2. november 2010

Covarrubias. 23.september (1)

Klokka er nær på 15.00 når vi er utanfor reisebyråkontoret, og om litt kjem og ei lita kvinne ned gata og låser seg inn.
Vi vert vinka etter.
Det er Reidun og Torbjørg som får føre ordet for oss, men kvinna gjer det klart at ho kan ikkje anna enn spansk. Og det kan ikkje vi mykje av.
Ho virkar avmålt og knapp der ho står ved kontorpulten.
Dei to forklarar at vi ynskjer ein tur til to små byar i fjella vest om Ebro-dalen.
Ho leitar fram eit kart og peikar ut Covarrubias og Santo Domingo de Silas, og det vert nikka samtykkande. Ho peikar og ut eit naturreservat som ho vil ta inn i tillegg.
Vi betalar kvar våre 40 Euro, og ho vinkar oss ut på gata, kjem sjølv etter, låser døra og tek oss med til sin vesle Opel.

Så er vi igang med vår vesle ekskurs-tur som vi ikkje fekk til då vi var i Burgos for nokre dagar sidan.
Kva er det i desse to små byane som dreg oss dit.

For nokre år sidan kom det ut ein CD med gregoriansk munkesang frå eit kloster i Spania. Denne musikken var ei tid mykje populær.
Klosteret ligg i Santo Domingo de Silas, og framleis syng munkane i klosterkyrkja.
Dei ynskjer vi å høyre ved vesper kl. 18.00.

Og i Covarrubias ligg ei norsk prinsesse gravlagd, og det er hennar grav som dreg oss dit.

Kvinna tør opp etter kvart som vi fjernar oss frå Burgos, og når ho svingar av frå motorvegen mot Madrid, inn mellom fjella, er ho igang med å ause av sin kunnskap om kva vi ser langs vegen.
Ho heiter Carmen og driv byrået sitt åleine, og lagar til bussturar til ulike mål.
Samtalen i bilen går på spansk-engelsk-norsk og med god hjelp av hender og mimikk, og slik held det fram heilt til vi er attende i Burgos på sein kveldstid.

Når vi kjem fram til Covarrubias er kontakten mellom oss og Carmen av beste slag. Den avmålte kvinna frå Burgos har vorte ei smilande og forkomande kvinne som syner oss byen med sine gamle og særmerkte hus med stor entusiasme. Og at ho snakkar berre spansk er ikkje lenger noko problem. Det er berre å repetere litt, og bruke hendene og mimikken i tillegg.


Covarrubias er ein liten by som ligg nær mitt bilete av dei landsbyane eg hadde venta å finne langs pilegrimsvegen, men som ikkje var der. I alle fall ikkje så langt vi har gått den.


Ein triverleg liten by med mange, gamle, og særprega hus i trange gater.


Men og med store og opne torg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar