fredag 12. november 2010

Ettertankar (3)

Å vandre pilegrimsvegen vert ofte framstilt i eit ”romantisk” lys.
Det er annleis, det er spennande, og ein lærer djupter i seg sjølv som ein ikkje kjende før, vert det sagt.
Og det er nok rett det, men det er ikkje heile sanninga om gi seg ut på ei slik vandring.
Sjølv ikkje for meg berre går nokre få mil kvart år.

Å gå pilegrim hadde nok større konsekvensar for dei som tok ut i middelalderen når vandringane nådde sitt høgdepunkt.
Då var det ikkje var det spennande og annleis ved vandringa som fekk menneske til å ta ut frå det kjende.
Ofte var det ei pålagd botsvandring. Dei var undervegs for å bøte for handlingar som hadde gått galt, gjere bot.
Eller dei gjekk for å søkje lækjedom frå sjukdom og vanhelse for seg eller sine.


Det kunne vere ei farefull ferd. Ikkje alle kom heim att.
Sogene langs vegen fortel om utnytting og liding, fattigdom, sjukdom og død.
Men og om menneske som stilte opp for desse framande vandrarane.
Om fyrstar og kyrkjelege ordenar som bygde hospits, og tilbaud husly og mat til pilegrimane. Og for dei som vart sjuke på vegen, pleie og omsorg.

I våre dagar skulle det ikkje vere forbunde med slike konsekvensar å legge ut på lange pilegrimsvandringar. Vi som har mobiltelefonar i lomma, doktorar og sjukehus tilgjengelege over alt. Hospits, pubar og matbutikkar der vi kan skaffe oss det vi treng.
Kva treng vi då å vere ottesame for?
Og likevel. Pilegrimsvegen krev sine offer også i dag.
Småting som gnagsår, vonde kne og ryggar, magesjuke med meir, lækjer seg sjølv med tida.
Men mest kvart år har vi kome fram på ting som fortel om alvorlegare hendingar.

Ein stad under vandringa i år, var det slått opp plakatar som etterlyste ei kvinne som hadde vorte borte.
Og eg undra meg: Kva hadde hendt henne? Kidnapping, valdtekt, død? Eller hadde ho berre ville bli borte? Kva var hennar skjebne?


Andre hadde byrja på pilegrimsvegen, men den hadde vorte for lang og slitsom. Dei døydde på vegen.
Og attende ved vegen, hadde familie og vener reist enkle minnesmerke som fortalde at her slokna livet for den belgiske vandraren, for den japanske pilegrimen, eller som her; ei skotsk kvinne.
Også i dag krev pilegrimsvegen sine offer.

Nye vandrar kjem på vegen, stansar ei lita stund i andakt, legg ein blomst eller liten stein ved minnet, og går stille vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar