mandag 1. november 2010

Attende til Burgos. 23.september

Tidleg om morgonen tek vi bussen attende til Burgos.
Ein buss som krokar seg fram mellom skogdekte åsar og inn i små landsbyar der han plukkar opp eldre som skal ha seg ein bytur.
Eg smiler for meg sjølv når eg ser sjåføren skriv ut bilettane for hand, i to eksemplar. Ein til passasjeren og ein som gjenpart i rekneskapet.
Utruleg å sjå noko slikt i 2010.

Så er vi attende på busstasjonen i Burgos og vandrar over elva og ned gata til Hotel Espana.
Roma er ikkje klare så tidleg, men vi får setje sekkane inn i eit rom ved sida av resepsjonen, før vi går og kjøper oss frukost.

Det er Reidun som tek oppgåva med å få tak i henne som organiserar turar sørover, og som vi gjerne vil kjøpe oss ein dagstur med, til to byar ei seks mil sør om Burgos.
Til slutt lukkast det, og vi tingar oss ein tur som starte kl.15.00.
Oppmøte på byråkontoret vis a vis busstasjonen.


Men kva skal vi fyllle timane fram til då med?
Eg foreslår ein tur i kyrkja som ligg overfor katedralen, Iglesia de San Nicolás de Bari frå 1500-talet. Den er vigd til han som i vår tid har den stor "ære" å verte opphøgd til julenissen.


Ei nokså anonym kyrkja. Berre fondveggen, med portalen over døra ut mot gata, viser at her er ei kyrkje.


Men då vi vel er inne strøymer inntrykka på.
Her er det berre å setje seg og la augene kvile i det vakre framfor oss.
Eg har sett mange vakre retablo (alterveggar) under vandringa, men denne tek prisen.
Eit retablo som fyller heile veggen over alteret, laga av farga alabast, og med eit utal av detaljerte scener.


Sankt Jakob er ikkje berre pilegrimane sin Jakob. I si tid var han og Jakob maurardreparen.


Vi fekk eit ark som fortel kva dei ulike bileta handlar om.
Her er scener frå Jesus sitt liv og andre bibelske motiv. Men også sankt Nikolas, som kyrkja er vigd til, er med på nokre scener.
Alt forma med ein utruleg detaljrikdom. Og alt i vakre og lyse fargar.

Men kyrkja hadde meir å by på av vakker kyrkjekunst, som fleire vakre altertavlar, vakre bilete og store, gamle biletvev.




Eit veggmåleri fører meg attende til versa i Draumkvedet som handlar om domen, for måleriet syner engelen Mikael som veg sjelene. Nokre til dom, andre til liv.

Det var sankte såle-Mikkjel,
han vog i skåle-vikt;
så vog han alle synde-såline
bort til Jesum Krist.
I brokksvalin
der skò domen stande.


Under bordet på dette bilete av den første nattverd, er der ei rad med framandarta teikn. Dei kristne mozararabarane flytte nordoverr når trykket frå muslimane vart for stort. Er det arabiske bokstavar, og kva står der i så fall?
Eller er det berre ei bord med vakre teikn?





Vel ute på torget ved katedralen fann vi ein fortausrestaurant som kunne servere oss litt varm mat. Heller litt i minste laget etter kostnaden. Det var ikkje i storleik pilegrimsmeny, men det fekk greie seg.


Enno var det ledig tid att før turen sørover, så det vart å rusle gjennom den store alléen langs elva.


På ei bru over elva står dei gamle heltane frå tidlegare tider, både kvinner og menn, på rekke og rad.


Men den største av dei alle, El Cid, får stå på ei trafikkøy midt i gata, heilt for seg sjølv.
Sjølv har han fått seg ei heidersplass i katedralen. Der kviler han saman med kona si.
Men så vender vi stega attende til hotellet. Der var roma klare til å ta imot oss for ein liten middagslur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar