torsdag 25. november 2010

Frosa elv

Storelva er ho kalla, elva som renn forbi min barndomsheim.
Elv, vil nokon undrande spørje, er dette ei elv?
Det er då berre ein bekk.
Bekk eller elv.
For meg har den alltid vore Storelva.
I tider med mykje regn, fossa ho forbi heimen med mykje vatn og bulder.
Men på ettersommaren. I turketider, når snøen var vekk i fjellet over Nakkane, kunne ho vere nesten tørr.
For det er der oppe på fjellkammen mellom Nivane og Hagekammen, i 900 m. høgd, at ho byrjar vegen sin ned lia mot fjorden.
Først berre som ei lita sildre mellom steinar, gras og lyng. Men nede i skogen vert det etter kvart meir liv i den, der den leitar seg fram mellom tre, einer og grastuer.


Det var til Storelva eg gjekk i går ettermiddag, medan sola framleis hang lavt over Hovdeåsen i sør.


No har vinterkulden gripe tak i den. Og sjølv om vatnet framleis klukkar i opne stryk, er det meste av den dekt av kald og blank is.

Barfrosten pregar lia. Marka under trea er dekt av brunt, frose lauv.
Og i elva har kulden fått lov til å gjere sitt verk med det rennande vatnet, uten å verte hindra av snøen si vernande dyne.
Skulptøren har fått utfalde seg i kalde dagar og netter, og i elva syner han fram resultatet i fantasirikre former.


Den lave vintersola spelar på lag så den speilblanke isen lyser opp i eit gyllent skjer mot det kalde og blå der sola ikkje når.


Formene skifter frå runde former til hengande girlander av små kuler.


Men skulptøren tek og andre midlar til hjelp i sitt arbeid. Kvifor ikkje bruke det brune lauvet som likevel låg her.
Og sola hjelper til med å skape ein lysane vakker skulptur ved den frosne elva.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar