onsdag 1. desember 2010

Is

Timane med dagslys minkar fort no vi har gått inn i desember.
Her i stova er det 10 dagar att før sola vert borte til 1.januar, og då skriv vi eit nytt årstal.
Derfor kledde eg meg godt på formiddagen, og tok meg ein tur opp gjennom Skorgeurda, opp langs elva til framom Lødeøyane.
Sola var så vidt komen fram om Niven, men opp gjennom urda var det skuggen som rådde.


Etter 2 veker med rundt 10 kuldegrader, rekna eg med at elva var heilt dekt av is.
Der ho hadde brattaste fallet, stemte det. Der var det berre nokre opne hol i isen, her og der.
Og sideelva framom Syrøyane, kom ut av skogen som ein frosen kvit flaum mellom trea og steinane.


Ved Syrøyane, der ho renn stillast, var elva lite tilfrosa. Kanskje var elva for grunn der til at isen fekk legge seg.
Men i bakevjene ved storsteinane, hadde frosten skapte sin eigen mosaikk i elva, av kvit og blank is.


Frosten sitt skulpturarbeid derimot, det fann eg i dei små fossane og stryka.
Sjølv om elvakulpen var open, så var fossen stivna i isen sitt grep. Frosen fast i eit fall av kvit is.


Men og i glasklar, blank is med dei underlegaste former.


Og styrke må det vere i den, der den klorar sine tynne bein fast i steinen. Medan den kraftigare kroppen heng fritt over isflata under. Heng som tre sovande flaggermus av blank is.

Kjekt å kunne ta seg ein tur ut i kulden uten å merke at kroppen ikkje likar det.
Det hadde eg vanskar med under kuldeperioda på etterjulsvinteren i år.
Så sjølv om vandringa i Spania var smertfull til tider, så meiner eg den gjorde meg godt.
Ein heil del av det som eg plagast med før sommaren, kjenner eg lite til etter turen.
Og så frys eg ikkje fingrane av meg lenger heller, takka vere dei tjukke og tova ullvottane som Kaupangerdottera laga meg.
Dette lovar bra for vinteren.
Kanskje kan eg prøve meg på ski også. Når snøen med tida har lagt seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar