Eg var komen på plass med morgonkaffien i mi kjære sin stol, før ho skein inn i stova til meg.
Men andre sida fjorden låg enno i skuggelandet, om himmelen over var vakkert blå å sjå, mellom lyse og kvite skyer.
Og i dalsøkket mellom dei to åsane kan eg ofte sjå skodda legge si grå pute over heimane der.
Det var mi kjære sin stol dette. Her var det ho sat med si hekling, og fylgde med på sine blomar ute når deira tid var, og at småfuglane hadde nok mat i den tida dei trong det.
No er ho ikkje lenger her hjå meg. Laurdag var eg og tende lys på hennar grav.
Tankane går ofte til henne, mi kjære, her eg sit i stolen framfor glaset og ser ut.
Eg har litt otte for at eg skal verte ein gamal gretten gubbe, men førebels er det inga fare for det, trøystar mine born meg, og godt er det. Så får eg vone at eg held meg unna å verte det, om plagene kan renne på i dagar som kjem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar