lørdag 2. september 2023

Ein kveld på Grip

Det var lenge sidan eg hadde vore på Nesje,  så eg sende melding til mi eldste dotter at no kom eg. Ja, det var greit, svara ho, men ho hadde tenkt seg til Grip på konsert om kvelden. Møre bispedøme gjorde ein båtseglas innom dei seks pilegrimsstadane i fylket denne veka i høve at bispedøme var 40 år. Og denne fredagen skulle seglasen kome til Grip. Det var interessant, kan eg få vere med, spurde eg, då eg ikkje hadde vore på Grip før.  
Så då vart det ikkje berre ein romsdalstur, men og ein nordmørstur.
Etter ein pitstopp på Nesje med litt
 fredagstaco bar det nordover til Kristiansund,og båttur ut over blikkstilt hav til øyane der ute. 12 km nord for fastlandet.
Medan båten pløygde seg fram over havet vart eg ståande bak og nyte det vide utsynet både nordover og sydover leia mot fjerne øyar og fjell langt borte i synsranda og undre meg på kva det var eg såg der ute i det fjerne. 
Så var vi framme og husa på Grip dukka opp,
Sakte glei båten inn bak moloen, inn på hamna  og vi kunne gå opp den bratte leideren, opp på kaia.
Biskopen med fylgje var forsinka frå Kvernes, så vi fekk tilbod om ein gaida rundtur på øya medan vi venta på biskopen sitt fylgje.  Det vart ein fin tur med ein forteljar som kunne fortelje mykje om livet på fiskeværet i tidlegare tider, og notida. I storm og i stille langt ute havet.
Husa står tett på øya så her måtte ein nok vere nær kvarandre, både på godt og vondt.
Men det som hadde stått høgt på mi ynskjeliste med å kome til Grip var stavkyrkja frå andre halvdel av 1400 talet. Ei av dei minste stavkyrkjene i landet. 
Stavkyrkja vart utvida på 1600-talet med kor og våpenhus til slik ho no står. Då vart ho og pryda  med målingar på alle veggar inne, slik mange av kyrkjene frå den tida vart.  Då fekk ho og innsett vindauge på nordsida.
Men perla som drog meg mest var nok alterskapet som står i kyrkja. Det er eit av dei fem alterskapa som kom til landet på 1520-talet. Den sokalla Lekagruppa, der Grip, Leka, Røst, Hadsel og Ørsta er med. Alle med unntak av sistnemnde kom til kyrkjer i fiskevær, eller der dei hadde fiske som næringsveg. Dei fire første er alle skap med heilagmenneske i, medan Ørsta skil seg ut der og. Sidan mi tid i Ørstakyrkja har eg hatt ein draum om å få sjå dei fem med eigne auge, og no fekk eg høve til å sjå Grip kyrkje sitt skap. Dei tre lenger nord vert det nok berre ein draum om å få sjå. 
Dei to som skulle ha konserten dreiv og øvde då eg steig inn i kyrkja men dei slepte meg forbi inn i koret og fram til alterringen. Nærare kunne eg ikkje kome alterskapet. Dørene mangla, dei skal visst vere på museum i Bergen.
I midten ser vi Maria med barnet i armane, så er det Heilag Olav  på eine sida, og Margareta av Antiotika på andre sida. Margareta levde på 300-talet, og leid døden på grunn av si kristne tru.
Kva er soga bak desse alterskapa ?
Kristian den andre søkte seg ei dronning av høg rang, og han fann henne i Antwerpen i 1514. 14 år gamle Isabella av Habsburgætta. På ferda frå Antwerpen og til Danmark rauk det opp til uvær, og båten ho drog med, ein kogge, var dårlege sjøbåtar på grunn av skapnaden, runde som dei var. Dei rulla voldsomt i dårleg vær, og jenta vart redd for livet sitt. Erkebiskop Walkendorf som var med på turen fekk då lovnad om 5 alterskap til hennar nye heimland, om ho kom levande frå turen. Ilsbeth, eller Elisabeth som namnet hennar vart som Kristian II si dronning, kom vel fram til Køpenhavn.
 I 1520 var ein av erkebiskopen sin stab i Nederland for å henta skapa. Dei var laga i Utrecht. Alle 5 skapa kom til kyrkjer i Nidaros bispedøme. 
Så attende til dagen på Grip.  Etter ei tid kom og skøyta med biskop Ingeborg sitt fylgje fram, og medan sola gjekk i havet i vest, kunne vi benke oss inne i stavkyrkja for konserten med Jorunn Marie Kvernberg på fele og song, og Rune Tylden på trøorgel. Det er nok første gong at reinlender og pols hadde lytt mellom vegane i den gamle kyrkja.
Det var mørk kveld ute då båten førde oss attende til Kristiansund, og klokka var over midnatt då vi var attende på Nesje. Ein lang dag var over. Ein dag då eg hadde kryssa heile mitt heimefylke , frå sør til nord, og eg hadde fått vitja stavkyrkja på Grip. Ei gamal kyrkje på ei lita øy, langt ute i havet.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar