Framfor meg, på andre sida av Langfjorden ser eg Veøya, enno i skuggelandet. Og der inne i mørkret ligg den gamle og kvite, Veøykyrkja med si lange soge attover i tida.
Når dagslyset har nådd øya der inne i skuggen, vil kyrkja stige fram med sin kvite vestfront. Lenger bak, bortanfor Rødvenfjorden sine fjell, reiser Trolltindane sine bratte flog seg over Romsdalen.
Og om nokre få morgontimar vil sola denne morgonen lyfte seg over fjellranda der borte, og dagen er her.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar