tirsdag 6. mars 2012

Mot sør

I morgon går ferda mot sør att.
For å møte våren der, men det er ikkje viktigaste grunnen.
Det er Andalusia som lokkar og dreg, og når høvet baud seg, så må ein berre gripe sjangsen.

Som kartet syner er Andalusia sydlegaste landsdelen av Spania.
Namnet vart sett av maurarane som kalla det Al-Andalus, som igjen tyder vandalane sitt land.
Vandalane var ei germansk folkestamme som erobra Spania då romarriket fall saman på 500-talet. Maurarane kom over frå Afrika i 711 og la Spania under muslimsk herredøme. Berre nokre små kongedøme heilt nord i Spania greidde å halde seg undan. Og der, i Castilla og Leon, byrja kampen mot det muslimske herredømet på 1000-talet.
Det var emiratet i Granada som varde lengst, men i 1492 fall også det, og muslimane vart drevne ut, over til Afrika igjen. Men dei hadde herredømet i Andalusia i nær på 800 år, før spaniarane igjen hadde kontroll over heile landet. Derfor er det i Andalusia framleis mykje att av den rike mauriske kulturen. Særleg i byane.
Det skal verte spanande å sjå og oppleve denne spanske landsdelen. Om det berre er for sju korte dagar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar