onsdag 28. mars 2012

Torre del Oro.Sevilla

Vi lever godt, vi norske, i eit hav av fattigdom og økonomiske kriser. For vi har det svarte gullet. Oljen. Opp frå havbotnen strøymer den uavbrote. Tilsynelatande utan ende. Og smører vår økonomi, både vår eigen private og den offentlege. Hadde den forsvunne, hadde vi og fått trongare tider.
Dei hadde det slik i Spania og, i nokre hundreår. Der var ikkje gullet svart, men gult og blenkjande. Det var Columbus si ferd over havet til landa i vest som var årsaka. Her fekk landet seg koloniar som fora dei med ufattelege rikdomar.

Ved elva ligg eit gamalt maurisk vakttårn. Det var hit rikdomen kom, Inn i tårnet Torre del Oro, Gulltårnet. Før den vart fordelt vidare utover landet.
Eg har alltid hatt i meg eit bilete av dei spanske som nokre som har god tid, litt bakoverlente i sin livsstil. Var det gjennom gullet som strøymde gjennom dette tårnet at den levemåten innarbeidde seg i folket?
Bør vi vere litt obs på det i vårt folk og, så vi ikkje hamnar i same fella? Vi med vårt svarte gull.

Google presenterar ei lang rekkje av kjende personar frå Sevilla, men at byen er poetane sin by, slik denne liggande kvinna fortel om, det visste eg ikkje. Eg kjenner ingen av dei, men det er nok helst eit teikn på ein brist i kunnskapen min.
Det er langt på kveld då er vi attende ved hotellet på solkyststranda.
Innover sanden ved havet bryt små bårer, og ute over horisonten i sør, skin ei stor fullmåne. Men eg er der åleine, det er ingen som let seg lokke til eit nattleg bad i det blenkjande havet.

Og bak den stille stranda og havbukta strålar lysa frå hotell og heimar i Fuengirola. Men for meg ventar middag, ein kaffikopp etterpå i baren, og så kvile i ei god seng. Ein lang og interessant dag i Sevilla er over.
Og i morgon, før sola er oppe, ventar ein ny dag med nye opplevingar i Andalusia.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar