fredag 16. mars 2012

Om å reise

Vi har reist litt, mi kjære og eg, men vi har ikkje vore av dei flittigaste ut på ferd bort frå heimen.
Det er noko med å reise bort frå det kjende som både kan lokke og skreme.
Men litt har det likevel vore. Det merkar eg på meg sjølv i  møte med det ukjende. Eg er tryggare på meg sjølv idag enn på dei første reisene våre.
Etter ei vellukka utferd sit eg att med undringa; Kvifor har vi ikkje reist oftare?
For vellukka var denne ferda vår til Andalusia.
Travle dagar? Ja. men møtet med dei nær 50 andre i gruppa, møtet med guiden, og å få kome til stadar eg har lest om i bøker. Og som eg har drøymt om å få sjå, gjorde turen til dagar eg vil hugse med glede.
Og så er dette med klimaskiftet på nokre få korte timar.
Då flyet letta frå heimeflyplassen, var det sju plussgrader i bygda, men på Gardermoen var det snø i lufta og kaldt.


Så, nokre få timar seinare, sol og varme.
Sola gjekk ned medan vi køyrde til hotellet Fuengirola men neste morgon vakna  vi til lyden av bølgjene som braut mot stranda nokre få meter nedanfor hotellet, sol og varme.
Palmer og blømande mandeltre.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar