torsdag 29. mars 2012

Inn til Ronda

Det vart kveld, og det vart morgon andre dagen, heiter det i Skrifta. Eg får vel omskrive det litt til : og det vart natt og det vart morgon ein ny dag ved havet i sør.
Eg vakna til ei susing som ikkje var der då eg gjekk til sengs kvelden før. Det var ikkje bilar eg høyrde, sjølv om strandvegen ikkje var langt unna.
Eg måtte opp og sjå kva det var. Nede ved stranda ruske vinden i dei store palmetrea og utanfor, på havet,  braut store bylgjer seg innover mot land.
Det skein inga morgonsol inn i frukostsalen denne morgonen. Himmelen var grå. og då bussen tok oss vestover mot Marbella, såg vi at fjella innanfor hadde skoddehattar på. Ved Marbella svinga bussen av mot nord, opp i desse skydekte fjella. Vegen steig raskt oppover. Det tok ikkje mange minutta før vi kunne sjå attende, ned på den kvite byen ved stranda. Ein stad oppe i lia sa guiden: Herifrå kan vi sjå Gibraltar ute i vest. Men alt vi såg var grå skoddedis.
Men det vi såg var på vegen. Smal og svingete. Inn i små dalsøkk og ut at på neste bergrygg. I nokre svingar la Juan sjåfør seg på hornet for å varsle at her kjem ein stor buss. Det vart komentert av ein sidemann at her er det bra det ikkje regnar for ofte, for berget var berre samanpressa stein og grus. Truleg gamal havbotn som hadde vorte pressa opp gjennom århundra. Med vårt  våte vestlandsregn hadde det ikkje vore langt mellom jordskreda
Ikkje alle stadar var det glidekantar heller. Berre nokre små og lave steinar skilde bussen på vegen, frå den stupbratte lia ned mot dalbotnen langt, langt der nede. Men han ved rattet var ein dyktig kar. Roleg og sikkert tok han bussen oppover og oppover, sjølv om motoren brumma tungt i dei brattaste stigningane. Det byrja verte lenger mellom trea etterkvart, og til slutt var vi oppe på snaufjellet med nakne bergrabbar bortover. Og då slepte skyene taket. På veg ned i dalen på andre sida dukka sola fram og varma dagen.
Og så, der, framfor oss i dalen dukkar dagen sitt mål opp. Den kvite byen inne i fjella. Ved kyrkja i nybyen set bussen oss av.

Ronda ligg på omlag 750 m.o.h. og har ei soge som skriv seg langt, langt attende i tida. Nok mykje på grunn av at staden, gamlebyen, var lett å forsvare.  

   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar