torsdag 15. mars 2012

Vel heime att

Andalusia sitt flagg
og våpenskjoldet, som syner
Herkules mellom Herkules
søyler (klippene nord og sør
for Gibraltar-sundet)
Orda tyder: Andalusia ved seg
sjølv, for Spania og menneskeheita.


Så er mi kjære og eg attende i fjordbygda, etter ei veke i solfyllte Andalusia.
Noko trøytte etter ei lang og kjøleg flyreise i går kveld, og ei heller kort hotellnatt på Gardemoen.

På veg sydover flaug vi over eit brungrått Spania, men i Andalusia fekk vi sjå  våren bryte fram. Det vart grønare for kvar dag. Mimosaen blømde gult lang alle vegar, saman med kvitblømande mandeltre.

Travle dagar med lange bussreiser, men og mykje å sjå.
"Vi er ikkje på ferietur", sa mi kjære. "Kvile oss kan vi gjer når vi kjem heim. Her er vi på ei opplevingsreise. "
Og ei opplevingsreise var det kvar einaste dag. Med ein flott guide, ei ung kvinne frå Toten som auste av si rike og mangfaldige kunnskapskjelde om Andalusia i fortid og notid.
I tillegg var det ei flott gruppe å høyre til i. Nær på 50 var vi, frå mest heile "Noway" som ein guide i Gibraltar kalla oss. Mest pensjonistar, men og nokre yngre som tok gjennomsnittsalderen litt ned.
Bak rattet i bussen hadde vi ein stødig sjåfør som førde oss trygt fram på vegar som kunne overgå våre verste vestlandsvegar.

Denne turen hadde eg sett fram til med forventing, og eg- vi- vart ikkje skuffa.
Veka gjekk utruleg fort, og mest før vi visste av det, var vi igjen på flyplassen i Malaga. Klar for avreise, medan guide og bussjåfør gjorde seg klar for å ta imot ein ny gruppe som skulle få oppleve Andalusia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar