fredag 23. mars 2012

Katedralen.Sevilla

Catedral de Santa María de la Sede - Santa Maria sitt sete - er ei mektig kyrkje. Den tredje største kyrkja i verda, og det største gotiske gudshuset.
Opphaveleg stod her ein stor moske. Då den vart skada av eit jordskjelv, bestemte dei nyrike kristne herskarane å reise ei kristen kyrkje på staden. Og sidan dei hadde mykje gull frå gullandet vest om havet, skulle det verte ei stor kyrkje. Det vart med tida ein mektig katedral, sterkt prega av gotikken sin byggestil.  



Inne i den store bygninga ligg "Patio de los naranjos", appelsintreplassen. Den er frå den store moskeen si tid, og vart nytta av dei truande til undervising,  kvile og til den rituelle vaskinga før dei gjekk inn til bønetimen.
                                          

Og så er vi inne i katedralen. Mektige søyler lyfter seg opp mot det vakkert dekorerte taket, 42 meter over oss. Og langs veggane, kapell etter kapell.
Sakte går eg gjennom skipet. Let augene gli over vakre retablo, skulpturar og målarstykke. Det er flott, vakkert, storslagent.
Men grip det meg?  Fyller det meg med andakt?
Det vert for stort, for veldigt. Eg grip meg i å sakne det enkle, det stillfarande, det lite prangande.
Eg høyrer ei stemme ved sida mi. "Eg er lei av desse store kyrkjene. Eg har sett for mange av dei."
Vel, eg er ikkje der, men eg grip meg å tenkje på andakta som fyllte meg i ei enkel mørk trekyrkje i heimlandet.
Då stansar stega mine. Framfor meg , inne i eit lite kapell, heng eit enkelt krusifiks på veggen.
Kontrasta er stor frå det mektige bygget, og ned til han som er avbilda framfor meg. Men likevel. Det var han dei ville lovprise og takke, dei som gjennom århundra reiste denne mektige kyrkja. Endå om det vart gjort med røva gull frå andre sida havet. ( Men der er det vel berre sosialisten i meg som stikk hovudet fram)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar