lørdag 25. februar 2012

Alt har ein ende

Det vart ein grå og kjøleg dag, siste dagen.
Etter at koffertane var pakka, var det ikkje mykje anna å gjer enn å setje seg på terrassen og nyte utsikta ovet vår "begrensa havutsikt", og aktivitetane borte i krosslia for siste gong.
Mi kjære dreiv og rydda kjøkenbenken. Men dei kjem no straks og skal gjere klart for nye gjestar, så kvifor legge arbeidet i det der? spurde eg.
Her skal sjå skikkeleg ut, når eg forlet, var svaret.
Borte i lia var det mykje liv, sjølv om himlen var grå, og vinddraget litt kjøleg. Eg vert av naboen gjort merksam på ein kar som er på veg opp sida mot krossen, Men sykkel over skuldrane, og ein hund ved sida. Naboen undrar seg over kva somme orkar. Det gjer visst hunden og, for brått, der stien til krossen deler seg i rett opp eller på skrå, vender han kursen ned att.
Karen med sykkel både ropar og plystrar, men til inga nytte. Hunden har bestemt seg. Dette vil eg ikkje meir, eg vil heim. Og då må karen med sykkelen og gjere vendereis. Ned att til vegen midt nede i lia, hive seg på sykkelen og trø avgarde etter hunden som er i fullt sprang innover dalen. 

Så er bussen der. Vi får koffertane inn, og finn oss plass. Det går greit, for det er berre vi to der. Eg ymtar noko om at det er vel noko råflott å sende ein stor buss berre for oss to. Men så svingar han av inn til Maspalomas og Playa Ingles, og då fyllest den opp av fornøgde og solbrune nordvestlendingar.
Det går raskt igjenom innsjekking og sikkerheitskontroll, og inn til freistande forretningar på rekke og rad.
To timar seinare sit vi og ventar på å kome ombord i flyet. Køen sneglar seg fram, til brått det vert hastverk ved skranken. Då får dei oss ikkje raskt nok ombord for å få flyet avgarde.

Flyet stig raskt opp i skyene, og Gran Canaria vert borte under oss.
Vest om Frankrike sig sola ned i skyene, og fargar ei stund vesthimmelen raud, men så sig nattemørkret på utanfor vindauga.
Over kanalen klårnar det opp under oss, og eg ser lysa frå Cornwall lyse opp mot oss.
Flyet har kusen rett nord gjennom Irskesjøen. Wales dukkar fram i aust, og snart ser eg og lysa frå Irland i vest. Så ligg Man rett under oss, medan eg berre så vidt kan skimte lysa frå vest-Enland i aust.
Over Skottland er det lite lys å sjå, og i vest vert og lysa frå Nord-Irland borte bak oss. Igjen er det kveldsmørket som rår utanfor flyet, der flyvertinnene er travelt opptekne med sine salgsrunder, og køen ved toaletta har vore lang etter måltidet.

Over Nordsjøen dukkar månen opp i aust, raudfarga inne mellom skyene.
Snart er det kvite fjell under oss, og perlesnorer av veglys buktar seg fram der nede.
Flyet byrjar senke seg. Svingar på seg for å rette kursen. Og så er dei der, øyane nord om Stadt.
Flyet legg seg igjen, og der nede stig Ålesund opp mot oss. Godøya, Giske, Valderøya. Og så, med eit kraftig trykk, set flyet hjula ned på rullebana.
Vi er framme i vinterlandet igjen.

Det er 14 dagar sidan no. Snø har vi hatt. Så pass vi fekk nytte snøfresen eit par gongar. Men for det meste har det vore mildt. Vårleg. Snøklokkene som stod i knopp då vi drog, står no blømande i store tuer.
Og eg har vandra gjennom våre dagar i sola igjen, her på bloggen. Bearbeidt dei i tanken.
Hadde eg det bra?
Ja eg hadde det. Måtte aldri tine opp at fingrane der nede, og pusten var og god. Absolutt postivt. Så eg har ingen grunn til å angre på turen.
Om det vert prøvt igjen? Ja, seier mi kjære.
Vel, ingen veit noko om framtida, men det er ikkje umulig, det nei.




Med Kanariøyane sitt flagg. Ein kvit, blå og gul tricolor.
Og Mogan kommune (der budde vi) sitt våpen, endar eg soga om våre dagar der.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar