torsdag 22. mars 2012

Santa Cruz og La Giralda. Sevilla

Eg tykkjer det ligg ein bisarr ironi i at den gamle bydelen der jødane eingong budde, idag heiter Santa Cruz. Då det katolske kongeparet Isabel og Ferdinand hadde fullført kampen og sigra over muslimane i 1492, bestemte dei seg raskt for at jødane i riket anten måtte verte katolikkar, eller forlate landet. Dei fekk valet mellom omvend dykk eller reis, eller miss livet her. Det vart opphavet til dei sephardiske jødane, spanske jødar som rømde Spania og busette seg i dei andre landa rundt Middelhavet.
Kva var det regentparet ville med det?
Jødane hadde alltid vore eit trakasert folk i Spania, både i kristne og muslimske område. Det fortel dei skriftlege kjeldene. Sjølv om det i dei siste åra av emiratet Granada var ein kulturell gullalder med relativt stor fridom.
Var det eit land med berre ei tru dei ville ha? Muslimane fekk då halde fram med si gudsdyrking. Kanskje var den sterkaste grunnen til utvisinga økonomisk.
Krig kostar pengar, og kongeparet hadde lånt mykje hos jødane. Ved at jødane vart borte, forsvann og gjelda.
Den løysinga kunne nok ein del gjeldstyngde land innan EU og hatt bruk for i våre dagar. Men då er det kapitalistiske bankar som burde forsvinne.
Jødane vart borte, men bydelen ligg der endå, berande namnet til den heilage krossen. Isabel og Ferdinand gav innbyggarane sin kross å bere.
Trange gater, Strekker eg ut hendene når eg godt begge sider av gata. Men når eg går forbi ei opa dør, ser eg inn i ein open patio med springvatn midt på, og med skuggefulle tre og blomar i krukker utover steinhellene.


Det dukkar opp eit firkanta tårn framfor oss. Det er Giralda, den gamle moskeen sin minaret. Moskeen er borte. Den vart omgjord til ei kyrkje ved erobringa i 1248, og etter kvart utvida til det den er i dag. Den største gotiske katedralen i Europa.
Men minareten fekk stå som den stod, med den forskjela at no kom det klokker i tårnet, istaden for den islamske muezzin sine bønerop.
Tårnet er 104 m høgt, og istaden for trapper innvendig, har den rampar slik at muezzinen, bøneutroparen, kunne ride opp gjennom tårnet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar