mandag 26. mars 2012

Alcazar, Sevilla

Omvisinga inne i katedralen var over, og vi hadde eit par timar att før bussen skulle returnere over fjella og ut til kysten. Mange tok turen opp i klokketårnet Giralda for å nyte utsynet over byen. Andre rusla rundt i gamlebyen, vitja butikkar eller sette seg på ein kafe for å kjøpte seg noko godt.
Mi kjære og eg hadde eit anna mål. Eit som ikkje var med på omvisingsplanen til Nytt og Nyttig.

Ikkje langt frå katedralen. På andre sida av den store plazaen ruva tunge festningsmurar. Det var Sevilla si alcazar - festning. Staden for den gamle mauriske festninga. Det var her i frå det mauriske riket i Spania vart styrt i dei første åra av Umayyad-dynastiet, frå 712. Den første herskaren var frå Damaskus. Etter den castillianske erobringa, vart det starta ombygging av alcazar på 1500-talet. I dag er den residens for det spanske kongeparet når dei vitjar byen.
Det var dit vi styrde våre steg denne solvarme ettermiddagen. Fram til porten inn til eit stort område innanfor festningsmurane. Prega av gamle og nyare bygningar og store parkar.

Dei eldste er prega av mudejar-stilen som Peter I nytta då han starta ombygginga.
Inn her var det Fernando III reid ein dag i 1248, etter å sigra over den siste muslimske herskaren i byen, og hadde lagt landet omkring under den castillianske kruna.
Og det var her sonen hans, don Felipe, ein dag reid inn med si unge hustru.
Ho som var årsaka til at vi valde å vitje festninga, istaden for å gå opp i katedralen sitt klokketårn. Sjølv om vi etterpå fekk høyre om den flotte utsikte der oppe frå.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar