fredag 30. mars 2012

Toreadoren. Ronda

Ronda er ein av dei mest kjende av dei kvite byane der sør, med ei lang og til tider dramatisk soge. Hardt råka i eit muslimsk opprør på 1500-talet, og i borgarkrigen på 1930-talet. Hemingway let mellom anna noko av boka "Klokkene ringer for deg" gå føre seg i byen og fjella rundt. Lenge levde det landevegsrøvar i holer, oppe i fjella. Då turismen var i emning på 1800-talet var det framleis mange aktive røvarar. Både av det galante og av det meir brutale slaget. Det kunne nok vere ein del av spenninga ved å vitje Ronda, å kome ut for røvarar. Viss det var ein av dei galante, så hjelpte han gjerne damene på plass under skuggefulle tre, før han heldt fram med å røve mennene.  Kom dei så vel heim att, så hadde dei litt av ei soge å bidra med i salongane utover i mørke vinterkveldar. " Tenk, vi ble røvet i fjellene ved Ronda!" Men for dei som møtte dei meir brutale, kunne det gå ein del verre. Men dei kondisjonerte strøymde likevel til Ronda, for kanskje kunne dei og kome ut for røvarar. Turismen sine årsaker er mangfoldig.
Den siste røvaren døydde tidleg på 1900-talet.
Men Ronda er og kjend for at her vart det moderne Andalusia fødd, og her vart den moderne tyrefektinga skapt. Om det er noko å rose seg av då?
Spania si største arena ligg inne i nybyen. Ikkje langt frå Paradoren. Eg har sett at Catalonia har forbode sporten / kunsten.  For er det sport eller kunst eller brutal dyremishandling? Diskusjonen går i Spania. Men det kan ikkje vere enkelt å sette forbod. Der er ein sterk tradisjon som skal brytast, og ikkje minst; det må ligge store økonomiske interesser i tyrefektinga.
Der er eit lite men interessant museum i tilknyting til arenaen, mellom anna med figurar som viser toreadoren sine fargerike klesdrakter. Sjå på storleiken til toredoren i høve til oksehovuda bak.  Det som slo meg var kor små dei var, dei som utfordrar oksen. Som små konfirmantar.

Men sjølv eg ser at det er lagt mykje flid av kvinnehender i klesbunaden til han eller henne som skulle kjempe med tyren. Der var -og er - kvinner og, om ikkje så mange. Retteleg vakkert var broderiet på denne kappa.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar