lørdag 17. mars 2012

De andalusiske sletter

Vi startar klokka 8.00, sa guiden vår, Katarina, kvelden før. Og i tillegg sende ho om morgonen melding over telefonen for å førebu oss på dagen.
Men så er det dette med å beregne kva tid ein treng til morgonstell og frukost. Ho hadde byrja å sjå etter oss då vi runda gatehjørnet og  som dei siste kunne ta plass i bussen denne første morgonen.
 Det var Sevilla som var målet denne dagen, og Sevilla ligg i vest ved elva Guadalquivir som renn ut i Atlanterhavet.
Men det var mot aust vi køyrde, mot Malaga. Derifrå tok vi av mot nord, opp i fjella.
Det stig jamt oppover, men det går fort på motorvegen. To køyrefelt i kvar retning, og vegen er skilta til 120 km/t.
Inne i fjella svingar bussen av til ein rasteplass. Sjåføren skal ha sin fastsette kvilepause, og vi andre litt mat og ta nødverndige toalettbesøk.
Så er vi på vegen att. Vidare inn og opp i fjella. Landskapet glid forbi. Små kvite landsbyar dukkar opp og forsvinn bak oss. Skarpe fjellkammar skifter med meir avrunda former. Her og der stikk små dalar inn mellom fjellryggane.
Så rullar bussen over  passhøgda, og byrjar på svingane ned mot lavare lende.
Etter kvart vik fjella vekk frå vegen, glid over i lavare åsar, og så er vi ute på dei andalusiske sletter. Dei eg i fleire år høyrde om i Reiseradioen. Då Edmund Bakken med fylje prøvde å nå slettene med motorsykkel og sidevogn, men aldri kom lenger enn til kaia i Oslo.
Vegen svingar mot vest. Mot Sevilla, byen ved elva, mest ute ved havet.
Tre timar etter at vi starta i Fuengirola rullar bussen inn i Sevilla.
Vi starta 3 meter over havet. I fjella var vi oppe i rundt 700 meters høgd, og her i Sevilla er vi igjen nede i 7 meter over havet.
Støle i føtene stig vi av. Spanske busseter gir ikkje for mykje rom for langbeinte nordmenn.
Men no ventar byen på oss.

Byvåpenet syner kong Fernando III til Castilla og Leon, Sankt Isidoro og Sankt Leandro til Sevilla. Fernando tok byen frå maurarane i 1248, og var far kong Alfons X den vise og don Felipe.
Orda under, NO8DO, er ein rebus.  8 er ikkje eit tal men eit garnhespe, på spansk eit "madeja"og når ein uttalar NO MADEJA DO høyrer ein NO ME HA DEJADO  Rebusen tyder "Den (Sevilla) har ikkje svikta meg"
Det har sin bakgrunn i at kong Alfonso sin son Sancho gjorde opprør mot sin far, men Sevilla svikta ikkje Alfonso.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar