torsdag 1. april 2010

Torsdag i den stille veka

Denne torsdagen låg det morgonskodde over fjorden mellom fjella.
Men sola sine varme strålar var ikkje langt undan, så det såg lovande ut for dei som vil nytte dagen til turar. Både på ski i fjellet, og som rolege spaserturar etter vegane.
Men ikkje lenge etter var sola gøymd bak skyer.


I ei anna tid. Eit anna landskap, og ein annan by, sa han:
"Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gi er kroppen min."
Og sa han at for å få eit evig liv, måtte dei ete hans kropp og drikke hans blod.
Dei som høyrde orda sa imot. Dette er skoddeprat og blasfemi, sa dei.

- - -

Då kvelden kom, samlast dei til måltid.


Han tok eit brød. Lyfte det og bad takkebøna.
Så braut han brødet og gav til læresveinane.
"Ta dette og et! Dette er min lekam."
-
Seinare tok han vinkalken, takka, og sende den rundt og alle drakk av den.
Så sa han: "Dette er mitt blod, paktblodet som vert rent ut for mange."

Etter måltidet vart det ein krangel mellom læresveinane,om kven av dei som var den fremste i flokken.
Då reiste Jesus seg, la av seg kappa, batt om seg eit handkle og slo vatn i eit fat. Så byrja han å vaska læresveinane sine føter.
Etterpå sa han at slik han, meisteren, hadde tent dei ved å vere deira tenar, slik skulle dei og tene kvarandre.

Dei forlet romet og gjekk ut i natta. Ned bakkane til Kedrondalen og gjenom byporten, ut av byen.
Og medan fullmånen lyste over dalen mellom Tempelberget og Oljeberget, gjekk dei inn mellom dei gamle oliventrea i Getsemanehagen.

- - -

Stille går jeg frem til nattverdbordet,
inni meg jeg hører ordet:
"Kom - for alt er ferdig".
Min Gud - er jeg det verdig?

Jeg kneler for ditt åsyn ned.
Jeg ber - i nåde til meg se.
Jesus legeme - gitt for deg
Jesu blod - gitt for deg.

Jeg tar imot - og fylles av glede,
kjenner så sterkt at du er tilstede.
Ditt legeme og blod - det er for meg.
"For deg mitt barn - det er for deg".

Audhild Remøy Talset

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar